PREVIEW: HØDD - FLORØ

Laurdag tek Hødd imot Florø til heimekamp i PostNord-ligaen avd. 1. Kampstart kl. 15.00!

Ny kamp på Høddvoll når Florø kjem på besøk laurdag!

Hødd står med fem strake sigrar før møtet med Florø laurdag og er for alvor med om kvalikplassen når sluttspelet starta neste helg!

Florø på si side treng ein siger for å ha eit håp om topp 7 plassering, men er også avhengig av at laga foran snubla. Bortelaget kjem derfor til Høddvoll for å gi Hødd skikkeleg kamp og gå for 3 poeng. Vi trur Hødd-spelarane er klare når første spark på ball går, er klare for å gjere grovjobben defensivt, vil ta tak i kampen offensivt og styre kampen laurdag. Vi går for 3 poeng!

Vi ser fram til kampen mot Florø!

BILLETTINFORMASJON

Alle som har kjøpt billett på nett eller på Høddvollhuset viser fram billetten ved inngangen. Dette gjeld dei som har private sesongkort på hovudtribunen og Blåsarane sine sesongkort på ståtribunen.

Alle andre som har registrert seg via ulike registreringsskjema møter også opp ved inngangen og vaktene vil då krysse av namnet ditt i lista. Dette gjeld frivillige, sponsorar, spelarar, fotballstyret, osv. Alle som har vore inne å registrert seg på førehand. Vaktene har oppdaterte lister ved inngangane. 

Det er ikkje mogleg å kjøpe billett på kampdag inntil vidare.

TIPPEKONKURRANSE HØDD - FLORØ

No kan du tippe resultatet i kampen mellom Hødd og Florø. Alle som tippa rett resultat er med i trekninga av ei fruktkorg sponsa av vår samarbeidspartnar Rema 1000. Siste frist for å tippe er laurdag kl. 15.00! Trykk her for å bli med på Tippekonkurransen!

FLORØ KJEM PÅ BESØK

Vi trur hovudtrenar Frode Nybø gir tillit til same lag som i førre kamp mot Kjelsås som enda 2-2. Vi er usikre på kva som er status på skadefronten eller om nokon av desse er ute med suspensjon, men vi bommar nok ikkje mykje på laget over.

I 2019 enda Florø på 7. plass i PostNord-ligaen avd 2. Laget endte med 35 poeng. Florø scora i fjor 36 mål og slapp inn 41 mål. 

HØGDEPUNKT FLORØ - KJELSÅS


 

SPONSORPROFILERING

Saka held fram etter sponsorpresentasjonen.


 

BLI MED I MÅLKLUBBEN!

Trykk her for meir informasjon!

SLIK SER DU KAMPEN LIVE

Hødd Fotball og Brygga Sportsbar har inngått samarbeid på felles arrangement på kampdager. Får du ikkje billett så ta turen til Brygga.

Alle bortekampar vises også på Brygga. Vi sjåast på Høddvoll og Brygga!

Kampen kan du også sjå direkte på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.

Vi ynskjer laget lykke til i kampen mot Florø!

DAGENS KAMPSPONSOR

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2020 AVD. 1

  • HØDDVOLL

  • 03.10.2020 KL. 15:00

Annonse: