PREVIEW: HØDD - BRATTVÅG

Søndag kl. 18.00 er det klart for lokaloppgjer mot Brattvåg! Møt opp å støtt laget i kampen om 3 poeng!

Om Brattvåg

Brattvåg er eitt av dei nyopprykka laga i denne avdelinga. Dei var innom 2. divisjon i 2016, men vart då tatt av omlegginga eller reformasjonen av divisjonssystemet, som gjorde at mange lag vart tvungne til å rykke ned. Før 2016 var dei eit stabilt 3. divisjonslag i ni sesongar, etter opprykket frå 4. divisjon i 2006. Det er ganske ekstraordinært å ha ein 2. divisjonsklubb på ein stad med omtrent 2500 innbyggjarar. Det som har fått Brattvåg med i toppen av 3. divisjon og deltaking i 2. divisjon er satsinga frå næringslivet og eigarane. Dei hentar ofte utanlandske spelarar, men også dei som akkurat ikkje ”når opp” i klubbar som Aafk, Molde, Kristiansund og Hødd. Dei var, saman med Lysekloster, det beste laget i avdelinga si i fjor. Dei to laga hamna med like mange poeng, men Brattvåg hadde ein klart betre målforskjell enn Lysekloster. Brattvåg slo Os 1-0, som faktisk rykka ned på målforskjell, men hadde dei berre sluppe inn eitt einaste mål i den kampen, så hadde dei ikkje rykka opp. Dei enda med 56 poeng, noko som er vanleg for ein seriemeister. Det er nesten litt overraskande at dei ikkje vann med større margin over nestemann, ettersom dei scora heile 78 og slapp inn berre 27 mål, og hadde klart best målforskjell. Det spesielle med Brattvåg førre sesong var at dei utruleg nok tok fleire poeng på bortebane enn på heimebane, noko som er svært uvanleg.

Brattvåg har av mange blitt tippa å slite denne sesongen, naturlegvis ettersom dei er eit av dei nyopprykka laga. Då dei i 2016 var i 2. divisjon hamna dei på, noko som vanlegvis hadde haldt til å halde seg, ein solid 9. plass med 38 poeng. Det var eigentleg svært gode tal for eit nyopprykka lag, så Brattvåg var rett og slett uheldige m.t.p. tidspunktet dei rykka opp på. Målet denne sesongen er nok å halde seg, noko dei per dags dato er i rute til å kunne klare. Dei hadde ei periode med dårlege resultat før sommarpausen, men har etter det klart å plukke med seg mange poeng. Dette gjer at dei ligg på ein 8. plass, noko som absolutt er respektabelt for eit nyopprykka lag. Storsiger mot Vidar og ein sterk bortesiger mot Bryne er Brattvåg sine to siste kampar, så dei er i storform!

Spelarprofilar på Brattvåg

I ”buret” finn vi Molde-spelaren Neydson da Silva som er på utlån frå Romsdalsklubben denne sesongen. Han spelte OBOS-liga-fotball førre sesong, så han har heilt klart nivået inne. Brattvåg stiller ofte med 3-backslinje, noko som til tider gjer forsvaret sårbart. Dette har gjort at dei har slept inn fjerde mest hittil i avdelinga. Thomas Martinussen har ei fortid i Aafk, og kan spele både sentralt på midtbana og i forsvaret. Han har etter kvart spelt seg til ein plass blant dei tre midtstopparane. Som forsvarssjef finn vi Jo Nymo Matland, som tidlegare har spelt for Aafk og Sarspborg 08. Han er kjend for å ha eit av landet sine beste venstrebein. Han skyt knallhardt og presist, svært likt den tidlegare Manchester City- og noverande Roma-backen Aleksandar Kolarov. Det blir difor viktig å passe på å ikkje sleppe til for mange frispark rundt 16-meteren. Den siste midtstopparen har også vore innom Aafk, men slo ikkje heilt gjennom der. I Brattvåg har han derimot fått det til og har vorte ei viktig brikke i forsvaret. I vingbackposisjonane finn vi Simon Tomren og Niklas Rekdal, to spelarar som begge kjem frå fylket. Dei har mykje laupskapasitet, noko som er hovudgrunnen til at dei har etablert seg i dei posisjonane. I tillegg er dei gode ”all-around”, noko som er nyttig når ein spelar som vingback.

Sentralt på midtbana finn vi gode og spennande spelarar. Daniel Stensøe er den stabiliserande krafta på midtbana, og har, overraskande nok, også vore innom Aafk. Ironisk nok er han den på den sentrale midtbana som har scora mest for laget (i ligaen). Emil Dahle er ein kreativ spelar med godt overblikk og teknikk. Han har prøvd seg på høgare nivå tidlegare, og gjorde det blant anna svært godt for HamKam i 2013. Han kan også spele i rolla som ”second striker”, men har i det siste spelt litt djupare i bana. Saman med han finn vi Patrik Hjelmeseth, nok ein spelar med mykje laupskapasitet. Han kan også spele på vingbackplassane, og er svært anvendeleg. Han er med andre ord ein svært nyttig spelar å ha i stallen. Heilt fremst finn vi ein gamal kjenning. Sondre Beite har gjort sakene sine bra for Brattvåg denne sesongen, og står med 5 mål i ligaen. Vi hugsar han godt for farta og dribleferdigheitene sine. Saman med hann kjem Torbjørn Grytten til å spele. Han er ein typisk ”nummer 9” som tidlegare har scora mykje mål, men det har ikkje stemt heilt for han i år. Plutseleg kan det lausne for spissen, og då skal ein vere obs!

Om kampen

Vi møter eit Brattvåg-lag som kjem med sjølvtillit og er i kjempeform etter å ha vunne nokre svært imponerande kampar i det siste. Vi, derimot, kjem med tre kampar på rad utan siger. Brattvåg slepp inn ein god del mål og er usikre i forsvar, noko vi blir nøydde til å utnytte. Dei spelar i ein liknande formasjon som oss, men med ei litt meir ”gung ho”-tilnærming. Vi skal vere eit betre lag enn dei, og dersom vi spelar klokt så bør dette bli 3 poeng. Laget kjem til å vere heiltente for å kome tilbake på vinnarsporet, og vi håper at du møter opp for å støtte laget til siger! Kl. 18.00 brakar det laust og vi går for 3 nye poeng. Kom igjen, Hødd!

Sterk bortesiger mot Brattvåg sist!

Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?

Kampen er heilt klart best å sjå live på stadion og vi håper du sett av eit par timar på Høddvoll søndag for å støtte dei blåkvite til nye 3 poeng! 

Billett til kampen kan du kjøpe her!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å ta turen til Høddvoll. 

Vi vil også opprette ein kamptråd på Facebook og Twitter med laupande oppdatering frå kampen.

I tillegg vil vi legge ut bileter frå før, under og etter kamp på Snapchat, Facebook og Instagram.

Dagens kampsponsor

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2

  • HØDDVOLL

  • 16.09.2018 KL. 18:00

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Arendal Arendal 0 0 0 0 0 0 0 0
2 Brann 2 Brann 2 0 0 0 0 0 0 0 0
3 Brattvåg Brattvåg 0 0 0 0 0 0 0 0
4 FK Eik Tønsberg 871 FK Eik Tønsberg 871 0 0 0 0 0 0 0 0
5 Fløy-Flekkerøy Fløy-Flekkerøy 0 0 0 0 0 0 0 0
6 Hødd Hødd 0 0 0 0 0 0 0 0
7 Jerv Jerv 0 0 0 0 0 0 0 0
8 Kvik Halden Kvik Halden 0 0 0 0 0 0 0 0
9 Lysekloster Lysekloster 0 0 0 0 0 0 0 0
10 Notodden Notodden 0 0 0 0 0 0 0 0
11 Sotra Sotra 0 0 0 0 0 0 0 0
12 Vard Haugesund Vard Haugesund 0 0 0 0 0 0 0 0
13 Viking 2 Viking 2 0 0 0 0 0 0 0 0
14 Ørn Horten Ørn Horten 0 0 0 0 0 0 0 0

Annonse: