PREVIEW: HØDD - ARENDAL

Søndag kl. 18.00 er det duka for nok eit toppoppgjer på Høddvoll. Dei ”blåkvite” tek imot Arendal frå Aust-Agder.

Møt opp å støtt laget søndag!

I forrige kamp tok Hødd ein sterk og fortent siger mot Bryne på Høddvoll. Søndag er det duka for nok eit toppoppgjer i PostNord-ligaen avd 2 når Arendal gjestar Høddvoll.

Vi håper du møter opp for å støtte laget i kampen og Hødd - Arendal er også ei perfekt avslutning på Smak av Ulstein!

Søndagens kampprogram vil vere tilgjengeleg ved inngangane på hovudtribuna. Du kan også sjå kampprogrammet her!

Les meir om søndagens motstandar under.

Om Arendal

Arendal Fotball vart stifta 27. September 2010, og er eit samarbeidsprosjekt mellom klubbane Trauma og Grane. Dei fekk ta over divisjonsplasseringa til det høgstliggande laget, og fekk dermed spele 3. divisjon i 2011. Dei rykka opp til 2. divisjon allereie året etter med tabelltopp og heile 73 poeng i 3. divisjon avdeling 5. I både 2013- og 2014-sesongen starta Arendal dårleg med mange poengtap dei første kampane og fekk dermed ikkje utfordra heilt i toppen. I 2016 skulle det derimot lukkast for Knut Tørum å leie laget til opprykk og spel i OBOS-ligaen i 2017. 2017-sesongen vart eit slit for laget frå Aust-Agder, og dei hamna på siste plass, og rykka dermed ned til PostNord-ligaen igjen. Dei slapp inn mest mål med heile 62 mål i mot, og då dei i tillegg berre scora 33 mål (nest-minst i ligaen), så vart det 5 poeng opp til ”kvalik”-plass og 11 poeng opp til heilt trygg plass. Dei leverte brukbar form på bortebane, men vann berre to kampar på heimebana Norac Stadion. 

Arendal har, av mange, blitt tippa å kjempe i toppen av denne avdelinga. Hittil har dei levert brukbart, då dei ligg på 5. plass og 12 poeng, noko som gjer avstanden til 1. plassen 4 poeng. Dei heng altså bra med i det som er ei av dei jamnaste og tettaste 2. divisjonsavdelingar nokon gong. Dei vann førre kamp 3-1 på heimebane mot Brattvåg, men tapte heile 3-0 borte mot Vidar før det. Forutan tapet mot Vidar, så har ikkje Arendal tapt i ligaen sidan det svært sure heimetapet mot Stjørdals-Blink seint i april. Dei tapte derimot i cupen ei og ei halv veke seinare mot Eliteserie-laget Start. Dei har spelt uavgjort mot Nardo, KFUM og Vålerenga 2 denne sesongen, medan dei har slått Flekkerøy (cupen), Vard Haugesund, Egersund og, som sagt, Brattvåg. 1-4-sigeren borte mot Vard Haugesund skiljar seg ut som ein svært sterk prestasjon. 

Spelarprofilar på Arendal

Keeper Grzegorz Flasza vart i vinter henta til ”det glade Sørlandet” frå Tromsdalen, og er ei bra forsterking i målvaktsposisjonen. Han kan plutseleg gjere fleire fantomredningar, men kan også, til tider, sleppe inn litt for enkle mål. Framfor han, finn ein eit bra forsvar. Breidda er ikkje så stor, noko ein også ser igjen i dei fleste posisjonane i laget, men når førsteellevaren er frisk, så held den høgt nivå. Høgreback Jens Skogmo spelte fjorårets sesong i Follo og leverte svært mange målgivande. Avni Pepa har kome tilbake frå ei prolaps-skade tidlegare enn forventa, og held dermed veteranen Petar Rnkovic ute av laget. Danske Sune Kiilerich er sjefen og generalen i forsvaret, medan Anders Hella er ”tryggheita sjølv” i venstrebackposisjonen. 

På midtbana har Arendal mange alternativ sentralt i bana, men ikkje så mange kantspelarar. Difor får fleire som eigentleg føretrekker å spele sentralt, spele på kantane. Tobias Henanger er eit godt døme på dette. Jakob Rasmussen er den stabiliserande krafta på midtbana, og er svært påliteleg. Preben Skeie er ein målfarleg midtbanedynamo. Her må ein passe på tunge og seine løp som ofte kan vere lure. Rasmus Christensen er den kreative krafta, og er rett og slett laget sin playmaker. Han sleit litt i fjorårets sesong, men viste sesongen før, på dette nivået, at han er ein klassespelar. Han har eit bra overblikk og er driblesterk. Heilt fremst har Arendal minimum tre gode alternativ. Basert på dei tidlegare kampane denne sesongen, så kjem mest sannsynleg Fabian Ness og Wilhelm Pepa til å starte, framfor den gamle Molde-kjenninga Pape Pate Diouf. Fabian Ness sleit, som dei fleste andre i dette laget, mykje førre sesong, men bør vere god for 15 – 20 mål på dette nivået. Spissmakkaren hans, Wilhelm Pepa, fekk også til lite i fjor, men scora til saman 40 mål på dei to sesongane før det igjen. I si tidlegare tid i Jerv putta han i snitt 1 mål per kamp, noko som er utruleg gode tal. 

Om kampen

Hødd kjem inn i denne kampen med mykje optimisme og sjølvtillit etter å ha slått Bryne på heimebane og Brattvåg på bortebane dei to siste kampane. Arendal har også slått Brattvåg i nyleg tid, men førre bortekamp enda i 3-0-tap mot Vidar. Begge lag har scora omtrent like mykje (1 mål forskjell), men Hødd har slept inn 3 mål mindre. Det har blitt mindre mål på heimebane enn bortebane for Hødd, og motsatt for Arendal, noko som viser at dette fort kan bli ein taktisk kamp, der stillingskrig på midtbana kan prege kampbiletet. Dette kjem til å vere ein av kampane i denne avdelinga der høg fotballkvalitet utspelar seg, så denne kampen kjem definitivt til å vere verdt å få med seg. Det er to lag med opprykksambisjonar, noko som gjer at kampen fører med seg ei ekstra spenning.

Vi gler oss til kamp, og håper heimelaget fortsett med å vise kvifor dei er eit topplag, og tek tre nye poeng på søndag. Kom og støtt laget til siger! Heia Hødd!

Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?

Kampen er heilt klart best å sjå live på stadion og vi håper du sett av eit par timar på Høddvoll søndag kveld for å støtte dei blåkvite til nye 3 poeng! 

Billett til kampen kan du kjøpe her!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å ta turen til Høddvoll. 

Vi vil også opprette ein kamptråd på Facebook og Twitter med laupande oppdatering frå kampen.

I tillegg vil vi legge ut bileter frå før, under og etter kamp på Snapchat, Facebook og Instagram. 

Etter kampen vil det bli lagt ut videohøgdepunkt frå kampen.

Dagens kampsponsor

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2

  • HØDDVOLL

  • 10.06.2018 KL. 18:00

Annonse: