PREVIEW: HØDD - ALTA

Laurdag tek Hødd imot Alta til heimekamp i PostNord-ligaen avd. 1. Kampstart kl. 14.00!

Ny kamp på Høddvoll når Alta kjem på besøk laurdag. Eit tøft oppgjer mot formlaget Alta ventar, og vi ser for oss ein tette og jamne kamp på Høddvoll der begge laga vil gå for 3 poeng! 

Få siste nytt om kampen under!

BILLETTINFORMASJON

Alle som har kjøpt billett på nett eller på Høddvollhuset viser fram billetten ved inngangen. Dette gjeld dei som har private sesongkort på hovudtribunen og Blåsarane sine sesongkort på ståtribunen.

Alle andre som har registrert seg via ulike registreringsskjema møter også opp ved inngangen og vaktene vil då krysse av namnet ditt i lista. Dette gjeld frivillige, sponsorar, spelarar, fotballstyret, osv. Alle som har vore inne å registrert seg på førehand. Vaktene har oppdaterte lister ved inngangane. 

Det er ikkje mogleg å kjøpe billett på kampdag inntil vidare.

TIPPEKONKURRANSE HØDD - ALTA

No kan du tippe resultatet i kampen mellom Hødd og Alta. Alle som tippa rett resultat er med i trekninga av ei fruktkorg sponsa av vår samarbeidspartnar Rema 1000. Siste frist for å tippe er laurdag kl. 14.00! Trykk her for å bli med på Tippekonkurransen!

FORMLAGET ALTA KJEM PÅ BESØK

Vi trur hovudtrenar Vidar Johnsen starta med same lag som i førre kamp mot Kvik Halden der Alta vann heile 4-1 til slutt. Alta er eitt av formlaga i divisjonen og er på andreplass etter 8 serierunder, berre to poeng bak Fredrikstad som toppa avdelinga. Alta har vunne 4 av 4 kampar borte i år og reiser til Høddvoll med ein solid dose sjølvtillit. 

Alta var før sesongen tippa å kjempe om opprykk til OBOS-ligaen og til no har dei levd opp til favorittstempelet. Laget har skora bra med mål og står med 21 skoringar hittil i år. Det er nest best i avdelinga, kun slått av Fredrikstad. Bakover i bana er dei også solide med 7 mål i mot. Kun Hødd har betre statistikk å vise til i avdelinga med 5 baklengs, så det er eit godt lag som gjestar Høddvoll laurdag!

I 2019 enda laget på ein 6. plass i PostNord-ligaen. Ein meir variabel sesong i fjor gjorde at laget ikkje nådde heilt opp med å kjempe i toppen. Laget endte med 41 poeng. Alta scora i fjor 44 mål og slapp inn 41 mål. 

Innbyrdes har dei fleste kampane endt med siger for heimelaget. Berre ein siger borte har skjedd og det kom sist i 2008-sesongen. Laga har ikkje spelt mot kvarandre sidan 2014 og det er faktisk første kampen til Alta på Høddvoll etter at Hødd flytta over på ny stadion. Vi ser for oss ein tøff batalje med to lag som vil gå for sigeren laurdag. Vi satsa på at Hødd går sigrande ut av duellen og at poenga blir igjen på Høddvoll! 

Innbyrdes oppgjer (seriespel)
05.10.2014: Alta - Hødd 1-1
27.04.2014: Hødd - Alta 3-0
05.08.2012: Hødd - Alta 1-1
28.04.2012: Alta - Hødd 5-0
18.09.2011: Hødd - Alta 3-0
15.05.2011: Alta - Hødd 2-2
25.10.2008: Alta - Hødd 7-2
20.07.2008: Hødd - Alta 1-2
25.09.2005: Hødd - Alta 3-0
05.06.2005: Alta - Hødd 3-1
12.10.2003: Hødd - Alta 6-0
18.06.2003: Alta - Hødd 1-1

 

HØGDEPUNKT ALTA - KVIK HALDEN


 

SPONSORPROFILERING

Saka held fram etter sponsorpresentasjonen.


 

BLI MED I MÅLKLUBBEN!

Trykk her for meir informasjon!

SLIK SER DU KAMPEN LIVE

Hødd Fotball og Brygga Sportsbar har inngått samarbeid på felles arrangement på kampdager. Får du ikkje billett så ta turen til Brygga.

Alle bortekampar vises også på Brygga. Vi sjåast på Høddvoll og Brygga!

Kampen kan du også sjå direkte på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.

Vi ynskjer laget lykke til i kampen mot Brattvåg!

DAGENS KAMPSPONSOR

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2020 AVD. 1

  • HØDDVOLL

  • 05.09.2020 KL. 14:00

Annonse: