PREVIEW: HØDD - VÅLERENGA 2

Søndag tek Hødd imot Vålerenga 2 til heimekamp i PostNord-ligaen avd. 1. Kampstart kl. 20.00!

Ny kamp på Høddvoll når Vålerenga 2 kjem på besøk søndag!

Hødd er i god form med tre strake sigrar og har vunne 4 av dei 5 siste kampane. Laget har vore solide defensivt gjennom heile sesongen, men i dei sist kampane har det også løsna skikkeleg offansivt. Laget framstår som solide og klarer vi å holde denne forma ved like utover hausten, så skal det bli vanskeleg å ta poeng frå Hødd. Dette gir ei god tru på at ein vil ende blant dei 7 beste som spelar sluttspel og at ein framleis er med på å kjempe om kvalikplassen om opprykk. 

Vi ser fram til kampen mot Vålerenga 2!

BILLETTINFORMASJON

Alle som har kjøpt billett på nett eller på Høddvollhuset viser fram billetten ved inngangen. Dette gjeld dei som har private sesongkort på hovudtribunen og Blåsarane sine sesongkort på ståtribunen.

Alle andre som har registrert seg via ulike registreringsskjema møter også opp ved inngangen og vaktene vil då krysse av namnet ditt i lista. Dette gjeld frivillige, sponsorar, spelarar, fotballstyret, osv. Alle som har vore inne å registrert seg på førehand. Vaktene har oppdaterte lister ved inngangane. 

Det er ikkje mogleg å kjøpe billett på kampdag inntil vidare.

TIPPEKONKURRANSE HØDD - VÅLERENGA 2

No kan du tippe resultatet i kampen mellom Hødd og Vålerenga 2. Alle som tippa rett resultat er med i trekninga av ei fruktkorg sponsa av vår samarbeidspartnar Rema 1000. Siste frist for å tippe er søndag kl. 20.00! Trykk her for å bli med på Tippekonkurransen!

VÅLERENGA 2 KJEM PÅ BESØK

Det er vanskeleg å vite kva lag hovudtrenar Tommy Berntsen mønstrar søndag. Førstelaget spelte laurdag og det er derfor veldig vanskeleg å spå kva lag som stiller søndag.

I 2019 vann Vålerenga 2 Norsk Tipping-ligaen avd 2 med klar margin. Laget endte med 63 poeng. Vålerenga 2 scora i fjor 85 mål og slapp inn 27 mål. 

Innbyrdes har laga møtt kvarandre fire gongar og Hødd har aldri tapt mot Vålerenga 2. Status er 3 sigrar og 1 uavgjort.

Innbyrdes oppgjer (seriespel)
25.08.2018: Vålerenga 2 - Hødd 1-1
07.05.2018: Hødd - Vålerenga 2 2-1
01.10.2007: Hødd - Vålerenga 2 5-1
18.06.2007: Vålerenga 2 - Hødd 1-2
 

HØGDEPUNKT VÅLERENGA 2 - KJELSÅS


 

SPONSORPROFILERING

Saka held fram etter sponsorpresentasjonen.


 

BLI MED I MÅLKLUBBEN!

Trykk her for meir informasjon!

SLIK SER DU KAMPEN LIVE

Hødd Fotball og Brygga Sportsbar har inngått samarbeid på felles arrangement på kampdager. Får du ikkje billett så ta turen til Brygga.

Alle bortekampar vises også på Brygga. Vi sjåast på Høddvoll og Brygga!

Kampen kan du også sjå direkte på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.

Vi ynskjer laget lykke til i kampen mot Brattvåg!

DAGENS KAMPSPONSOR

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2020 AVD. 1

  • HØDDVOLL

  • 20.09.2020 KL. 20:00

Annonse: