PREVIEW: HØDD – VARD HAUGESUND

Laurdag ettermiddag tek Hødd imot Vard Haugesund til årets første heimekamp. To lag med forskjellige opningar på sesongen møtest til dyst.

Årets første heimekamp

Etter ein knallsterk siger borte mot Stjørdals-Blink i første runde er vi endeleg klar for årets første heimekamp i PostNord-ligaen! 

Om Vard Haugesund

Vard Haugesund har etter å ha vore ein tur innom 1. divisjon i 2013, vore eit stabilt bra 2. divisjons-lag. I fjor hamna dei på 8. plass, to plassar bak Hødd. Det skilde berre 1 poeng mellom laga, noko som viser at laga var så og seie jamgode. Dei scora 33 mål førre sesong, altså ikkje ”heavy metal”-fotball, men dei var gode på heimebane og sterke på kontringar. Dei er kjende for å satse på lokale unggutar som dei hentar frå lag i lågare divisjonar, utviklar dei, og, dersom dei blir gode nok, selt vidare til FK Haugesund, som dei delar stadion med. Dei satsar ikkje berre på unge spelarar, men også trenarar. Knut Foldøy er førstelagstrenar sjølv om han fortsatt er tidleg i 30-åra. Vard er ein fin og fornuftig klubb som er med på å utvikle og drive fotball-Noreg framover.

Dei har av mange blitt tippa til å slite denne sesongen, og med tap heime mot Brattvåg i 1. runde, så har ikkje starten vore optimal. Dei starta kampen med scoring etter 17 sekund av Andreas Ulland Andersen. Deretter scora Vard sjølvmål og slapp inn mål på corner. Kampen enda til slutt med 1-2 tap mot Brattvåg.

Haugesunds Avis - "Det som startet med et smell, endte på verst tenkelig vis". 

Slik skildrar Haugesunds Avis kampen etter 1-2 tapet mot Brattvåg.

Spelarprofilar på Vard Haugesund

Keeper Thomas Kinn er av høg klasse på dette nivået, og er eit stort talent. Han vart faktisk nominert til årets talent i 2. divisjon i fjor. Han har vore på prøvespel hos internasjonale storklubbar som Saint Etienne og Aston Villa. Vard har også eit par gode midtbanespelarar, spesielt Thore Baardsen Pedersen. Han er ein stabil og fotballsmart spelar som bør spele på eit høgare nivå. I tillegg er Tom Undheim og Arent-Emil Hauge gode midtbanespelarar som ikkje er heilt klare for spel enda p.g.a. skader. Det blir viktig å følgje med på nyinnkjøpte Oddbjørn Skartun også, som er ein spiss som er kapabel til å score tosifra antal mål.

Men, spelaren Hødd må sjå aller mest opp for er broren til tidlegare Hødd-spelar Eirik Ulland Andersen, nemleg Andreas Ulland Andersen. 28-åringen var eit av landet sine største talent, spelte på aldersbestemte landslag og fekk sjansen på øvste nivå med Viking. Etter det, så har han ikkje slått heilt gjennom, men er likevel Vard sin farlegaste mann. Han har, i følgje broren, landets beste dødballfot. Hødd må m.a.o. passe godt på å ikkje gi vekk unødige dødballar rundt 16-meter og i ”korridorane”, i tillegg til å vere obs på cornerar. Han vart toppscorar for laget med 6 mål på 16 kampar førre sesong, og scora 12 mål på 26 kampar sesongen før, noko som viser at han har ”ei nase for mål”. Han har tradisjonelt sett spelt ving, men spelte i første serierunde i tospann med Oddbjørn Skartun på topp. Sidan han scora i den kampen, så ser det ut som om han er klar og i form. Det blir viktig å sjå opp for Andreas Ulland Andersen!

Om kampen

Hødd hadde ei svært god opning på sesongen med ein sterk bortesiger mot Stjørdals-Blink, medan Vard skuffa mot nyopprykka Brattvåg på heimebane. Dette er to lag som er spådd å kjempe i to forskjellige endar av tabellen denne sesongen. Då dei to laga møttest i fjor, så tapte Hødd kampen 0-2. Vard er ganske gjerrige, men scorar samstundes ikkje så mykje mål. Mesteparten av sigrane deira var på heimebane i fjor. Det meste peikar på at Hødd skal gå sigrande ut av dette. Vi håper dei blåkvite gjennomfører ein solid kamp laurdag!

Korleis kan eg sjå eller følge kampen live?

Kampen er heilt klart best å sjå live på stadion og vi håper du sett av eit par timar på Høddvoll laurdag for å støtte dei blåkvite til nye 3 poeng i PostNord-ligaen!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet (For abonnent) for dei som ikkje har anledning til å ta turen til Høddvoll. 

Vi vil også opprette ein kamptråd på Facebook og Twitter med laupande oppdatering frå kampen.

I tillegg vil vi legge ut bileter frå før, under og etter kamp på Snapchat, Facebook og Instagram. 

Etter kampen vil det bli lagt kampreferat og søndag videohøgdepunkt frå kampen. 

HEIA HØDD!

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2

  • HØDDVOLL

  • 21.04.2018 KL. 16:00

Annonse: