PREVIEW: HØDD – VÅLERENGA 2

Måndag 7. mai kjem Vålerenga 2 på besøk til Høddvoll! Du kan lese meir om kampen her.

Første 3 poengar på Høddvoll i år for Hødd?

Hødd tek i mot Vålerenga 2 til kamp på Høddvoll måndag kveld. Det er venta at hovudstadslaget vil mønstre eit ungt lag mot Hødd. 

Hødd kan med siger ta seg opp på ein 3. plass med kun 3 poeng opp til serieleiar KFUM. Vi håpar det løsnar skikkeleg for dei blåkvite når Vålerenga 2 gjestar Høddvoll.

Du kan lese meir om kampen her.

Om Vålerenga 2

Rekruttlaget Vålerenga 2 har vore i 2. divisjon i over 12 sesongar på rad. Dei er altså eit stabilt lag, der blandinga av unggutar og a-lagsspelarar som må kome seg i form har vore oppskrifta. I fjorårets sesong enda dei på 11. plass, altså plassen over den berykta ”streken”. Dei hamna dermed fem plassar bak Hødd og enda med 13 poeng mindre i den andre 2. divisjons-avdelinga, så det er enkelt å sjå kven som var det beste laget av dei to i 2017. Vålerenga 2 scora 28 og slapp inn 52 mål, noko som eigentleg er ”nedrykkstal”. Som sagt tidlegare er Vålerenga sitt andrelag ei god blanding av unggutar og a-lagsspelarar. Det kan m.a.o. vere litt vanskeleg å vite kva lag dei mønstrar i kampen mot Hødd måndag.

Mange har tippa Vålerenga 2 til å ende litt under midten av tabellen, men fortsatt over nedrykksstreken, også denne sesongen. Starten deira har vist at dei kanskje har blitt undervurdert av fleire, og kan vere med å kjempe heilt i toppen. Dei har ikkje spesielt god målforskjell, berre eitt mål i pluss, men har likevel klart å ta 6 av 9 moglege poeng. Dei vann sine to første kampar 1-0 og 2-1 mot henhaldsvis Egersund og Vidar, som er to gode lag, før dei tapte 2-3 på heimebane mot Brattvåg i førre serierunde.

Vålerenga 2 sin trenar, Gard Holme etter kampen mot Brattvåg

- ”Det blir for ofte for puslete. Mens de smeller til, er det nesten som vi ikke tør være nær dem. I andreomgangen ble det gutter mot menn.”

Fysikken er altså noko Hødd kan utnytte måndag kveld.

Spelarprofilar på Vålerenga 2

Lagoppstillinga er svært vanskeleg å tippe, sidan laget har frykteleg mange spelarar å velje mellom, men utifrå dei tre førre kampane, så er dette den mest sannsynlege lagoppstillinga.

Vi kan sjå innslag av a-lagsspelarar også, som t.d. Fitim Azemi eller Bård Finne. Mykje kjem an på om dei blir med og får spele med førstelaget. Forsvarsspelar Nicolay Grimstad er av dei mest erfarne juniorspelarane i laget, og bør framstå som ein leiar i laget. Midtstopparane Leo Cornic og Harald Hauso har vore med og spelt for G-17-landslaget, noko som viser at dei skal ha nivået inne. Kantspelaren Sakarias Opsahl har vore med førstelaget ved fleire anleiingar i vinter, så han har potensiale til å bli ein svært god spelar. 2000-modellen Sander Werni har også hatt ein god start på sesongen. På tre kampar har spissen scora tre mål.

Spelaren Hødd bør passe på er midtbanegeneral Felix Horn Myhre. 

Gard Holme om Horn Myhre

- ”Horn Myhre har vært vår desidert beste spiller i år, og han fortjener å få sjansen på a-laget. Det er ikke alle spillere man kan skryte av før de blir innbilske, men Felix er én av dem du kan skryte av så mye du vil uten at det går til hodet på ham. At vi mista midtbanen uten ham er det liten tvil om.”

Horn Myhre er m.a.o. svært viktig for dette laget, og det verkar i tillegg som om han har hovudet og føta godt planta på jorda.

Om kampen

Hødd kjem med mykje optimisme og positivitet etter triumfen i cupen mot Florø. Etter å ha stanga mykje i kampane på heimebane denne sesongen (både mot Vard og Florø) kom den forløysande scoringa heilt på tampen av andre ekstraomgang. Vålerenga 2 derimot kjem frå ein kamp der dei gav frå seg leiinga to gangar, og til slutt tapte. Det kan gå begge vegar. Enten kjem dei med nedbroten sjølvtillit og lite glød, eller så er dei revansjelystne og klare for ein ”fight”. Førstelaget har i tillegg svært mange kampar i april-mai-perioden, noko som er positivt for Hødd, sidan færre førstelagsspelarar då er tilgjengelege. Vålerenga 2 er eit ganske fintspelande lag, noko dei fleste rekruttlag er. Dei fleste rekruttlag blir ofte tatt på fysikk og duellstyrke, noko som skjedde i deira førre kamp mot Brattvåg. Dette er noko Hødd kan utnytte mot Vålerenga 2 måndag kveld. Vi håper at laget kan bygge vidare på den gode opplevinga i cupen, og ta tre nye poeng.

Korleis kan eg sjå elle følgje kampen live?

Kampen er heilt klart best å sjå live på stadion og vi håper du sett av eit par timar på Høddvoll måndag kveld for å støtte dei blåkvite til nye 3 poeng!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet (For abonnent) for dei som ikkje har anledning til å ta turen til Høddvoll. 

Vi vil også opprette ein kamptråd på Facebook og Twitter med laupande oppdatering frå kampen.

I tillegg vil vi legge ut bileter frå før, under og etter kamp på Snapchat, Facebook og Instagram. 

Etter kampen vil det bli lagt ut eit kampreferat, samt videohøgdepunkt frå kampen.

Dagens kampsponsor

HEIA HØDD!

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2

  • HØDDVOLL

  • 07.05.2018 KL. 18:00

Annonse: