PREVIEW: HØDD – FLØY-FLEKKERØY

Laurdag ettermiddag er det duka for sesongens siste ”vårkamp”. Vi tek imot Fløy-Flekkerøy kl. 17.00 til ein svært viktig kamp på Høddvoll.

Hødd kan ta ferie på tabelltopp!

I forrige seriekamp borte mot serieleiar Skeid tok Hødd eit sterkt poeng. Hødd leia lenge kampen, men Skeid kjempa seg inn i kampen og scora til slutt. Men absolutt eit sterkt poeng på ei vanskeleg bane.

Med siger mot Fløy-Flekkerøy laurdag kan Hødd ta ferie på tabelltopp om Skeid og KFUM avgir poeng, samt Hødd gjer jobben sjølv. Vi har trua!!

Vi håper du møter opp for å støtte laget!

Laurdagens kampprogram vil vere tilgjengeleg ved inngangane på hovudtribuna. Du kan også sjå kampprogrammet her!

Les meir om laurdagens motstandar under.

Om Fløy-Flekkerøy

Fløy-Flekkerøy vart stifta 29. juli 1950, og held til på Flekkerøya i Kristiansand. Sidan 1999, då dei rykka opp frå 4. divisjon, har dei enten vore i 3. eller 2. divisjon. Frå 2000 – 2004 og i 2017 var dei i 3. divisjon, medan frå 2005 – 2016 og no i 2018 har dei vore og er i 2. divisjon. Dei har m.a.o. fluktuert litt mellom nivåa. Grunnen til mange nedrykk i 2016 var divisjonsreforma, der mange lag tok turen ned ein divisjon, og det var berre dei ”sterkaste” som stod att. Dette var ikkje tilfellet for Fløy som knapt vann ein kamp og hamna nedst med berre 9 poeng. Nedrykket var m.a.o. fullt fortent. I sitt korte opphald i 3. divisjon var dei totalt overlegne og rykka opp med heile 14 poeng ned til lag nummer to. Dei scora bra med mål (72 mål), men det var det tette forsvaret som utgjorde forskjellen (29 mål imot).

Sjølv om Fløy er nyopprykka, så har mange tippa dei til å hamne på øvre del av tabellen, og hittil kan det sjå ut som om det stemmer ganske bra. Dei ligg på ein solid 6. plass i ei ekstremt tett avdeling. Det er kort veg både til toppen og botnen. Dei har fordelt kampane med 4 sigrar, 3 uavgjorte kampar og 3 tap hittil. Det som er interessant med Fløy sine kampar og poeng hittil er at mesteparten av poenga deira har kome på bortebane. Der har dei 3 sigrar, og faktisk berre 1 tap. Fløy er det einaste laget blant dei 9 øvste som har negativ målforskjell (16 mål for og 17 mål imot). Deira førre kamp var svært skuffande frå Agder-laget. Dei tapte heile 1-5 mot nedrykkskandidatane Brattvåg på heimebane! Det farlege her er at Fløy har tre strake bortesigrar mot gode lag som Vidar, Vålerenga 2 og Vard. Sjølv om dei tapte stort førre kamp, så er dei eit heilt anna lag på bortebane.

Spelarprofilar på Fløy-Flekkerøy

”I buret” er det Andreas Hoppestad som har fått tillit framfor Mats Olsen denne sesongen. Hoppestad er generelt sett ein stabil keeper og er god på det meste som målvakt. På høgrebacken finn vi Torje Wichne. Han er ein offensiv back som dekkjer mykje areal på høgresida. I midtforsvaret er det Johan Naglestad og Nils Petter Andersen som tek plass. Dei er to av nøkkelspelarane til laget, og held nivået svært bra. Sven Fredrik Stray på venstrebackplass er også ein solid spelar. Det defensive alibiet på midtbana er kaptein John Olav Norheim. Han har fortid som rein forsvarsspelar, men har i det siste blitt flytta litt opp som anker sentralt på midtbana.

Henrik Dahlum og Mikael Ugland får indreløparrollene på midtbana. Dahlum spelte som spiss tidlegare, men har blitt flytta litt lenge bakover på bana dei siste åra. Ugland er ein svært spennande spelar. Han har sine ferdigheiter primært offensivt, og har spelt for U-18-landslaget i lang tid. Han scora nyleg mot Tsjekkia i ei turnering, og han blir heilt klart ein spelar Hødd må passe på. Heilt framme på bana er det svært vanskeleg å spå kven som kjem til å spele for Fløy. Lasse Sigurdssen har, som Mikael Ugland, kome på lån frå Start, og er nok ein spennande spelar. Han er driblesterk og har eit bra rykk. På den andre flanken finn vi Sebastian Fredriksen er nok ein dribleglad spelar som mest sannsynleg kjem til å spele mot oss. Andre kantspelarar som Magnus Hallandvik og Tony Vo gjer at Fløy har bra breidde i desse posisjonane, og dei kan fort starte kampen, dei også. På topp var nøkkelspelaren Dardan Dreshaj avgjerande for opprykket i fjor, men har i år slitt med ei skade. Difor kan det fort hende at Christoffer Myhre tek plass på topp. Denne posisjonen er svært usikker, så ein skal ikkje sjå vekk frå at ein ukjend spelar kan dukke opp her.

Om kampen

Vi gler oss svært mykje til sesongens siste ”vårkamp” mot Fløy. Vi er i god form, etter å ha vore nære sigrar borte mot både Bodø/Glimt og Skeid. Før det vann vi heimekampar mot sterke lag som Arendal og Bryne. Fløy tapte, som sagt, 1-5 mot Brattvåg i førre kamp, men har likevel tre strake sigrar på bortebane. Vi skal altså ikkje la oss lure av Brattvåg-kampen. Fløy-Flekkerøy er eit lag som likar å ligge lågt og kontre, medan vi likar å kontrollere kampane, spesielt på heimebane. Kampbiletet er m.a.o. ikkje spesielt vanskeleg å spå. Vi har spelarar som Magnus Myklebust, Henrik Breimyr, Bendik Rise og Marius Hagen i svært god form, og dersom desse fortsetter som dei har gjort, så bør sigeren vere mogleg å ta. Vi håper at du møter opp kl. 17.00 på Høddvoll, laurdag 23. juni! Køyr på, Hødd!

Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?

Kampen er heilt klart best å sjå live på stadion og vi håper du sett av eit par timar på Høddvoll laurdag ettermiddag for å støtte dei blåkvite til nye 3 poeng! 

Billett til kampen kan du kjøpe her!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å ta turen til Høddvoll. 

Vi vil også opprette ein kamptråd på Facebook og Twitter med laupande oppdatering frå kampen.

I tillegg vil vi legge ut bileter frå før, under og etter kamp på Snapchat, Facebook og Instagram. 

Etter kampen vil det bli lagt ut videohøgdepunkt frå kampen.

Dagens kampsponsor

Annonse: