PREVIEW: FLØYA - HØDD

Laurdag spelar Hødd borte mot Fløya i PostNord-ligaen avd. 1. Kampstart kl. 16.00!

Laurdag er det klart for ny bortekamp og motstandar er Fløya. Vi møter eit lag som har fått det veldig tøft etter opprykket til PostNord-ligaen. Laget har gått på store smellar mot dei fleste lag, men fekk seg ein flott opptur sist med eitt poeng mot Senja når laga spelte uavgjort. Dette gir motivajon til heimelaget, så det er viktig å ikkje undervurdere morgondagens motstandar.  

Få siste nytt om kampen under!

FLØYA

Det er veldig vanskeleg å spå kva lag hovudtrenar Mikael Raimo Johnsen stiller i morgondagens kamp mot Hødd.
Laget har tapt 10 av 11 kampar og tok sitt første poeng i førre kamp mot Senja. Det er derfor venta at Johnsen gir tillit til same laget som starta mot Senja.
 

I 2019 vann Fløya avdeling 6 i Norsk Tipping-ligaen med sine 56 poeng, to poeng foran Finnsnes. Fløya scora i fjor 75 mål og slapp inn 40 mål. Som nyopprykka lag til PostNord-ligaen har ikkje Fløya heilt fått det til og med berre 1 poeng så langt i år er laget desidert sist i avdelinga. 

Innbyrdes har ikkje laga møtt kvarandre tidlegare og det er derfor første oppgjeret mellom laga.

HØGDEPUNKT SENJA - FLØYA


BLI MED I MÅLKLUBBEN!

Trykk her for meir informasjon!

SLIK SER DU KAMPEN LIVE

Hødd Fotball og Brygga Sportsbar har inngått samarbeid på felles arrangement på kampdager. Får du ikkje billett så ta turen til Brygga.

Alle bortekampar vises også på Brygga. Vi sjåast på Høddvoll og Brygga!

Kampen kan du også sjå direkte på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.

Vi ynskjer laget lykke til i kampen mot Fløya!

 

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2020 AVD. 1

  • FLØYA ARENA

  • 26.09.2020 KL. 16:00

Annonse: