PREVIEW: BRYNE - HØDD

Søndag spelar Hødd bortekamp mot Bryne! Kampstart kl. 15.30!

Om Bryne

Bryne er inne i sin andre sesong av 2.divisjonsfotball, men dei høyrer eigentleg heime i dei to toppdivisjonane. Knut Ertesvåg sitt tidlegare lag hadde nemleg, før nedrykket i 2016, 45 samanhengande sesongar i dei to øvste divisjonane. Dei var på det øvste nivået i periodane 1976 – 1988 og 1999 – 2003. Bryne har også, som Hødd, ein kongepokal å vise til, i tillegg til to seriesølv. Dei er m.a.o. ein merittert klubb og høyrer definitivt ikkje heime på dette nivået. Bryne var ein av opprykksfavorittane førre sesong, og starta sesongen svært bra. Sesongens første tap kom faktisk ikkje før august, men då dei kunn vann to av dei siste ti kampane, tok Notodden og Nest-Sotra seg forbi og sikra seg opprykk. Bryne scora i snitt to mål per kamp (52 mål), noko som er ganske gode tal, men slapp inn altfor mange mål for å kunne rykke opp (37 mål). Bryne satsa ganske tungt i fjor, og alt anna enn opprykk var ein aldri så liten fiasko.
 
Bryne har av dei fleste blitt tippa som den største favoritten til å rykke opp denne sesongen. Dei forsterka bra i vinter (spesielt offensivt), men har ikkje klart å henge med heilt i toppen. Varierande form i staden for stabil og god form har gjort at dei ligg litt bak det aller øvste sjiktet. Dei ligg på ein 8. plass med 30 poeng, men har berre 3 poeng opp til 3. plass. Det er med andre ord utruleg jamnt mellom laga bak dei to øvste plassane. Laget frå Jæren vann mot Nardo og Vidar før dei no har tapt poeng mot både Brattvåg og Stjørdals-Blink.

Spelarprofilar på Bryne

I ”buret” finn vi Igor Spiridonov som kom frå tabellrival Egersund i vinter. Han er ein svært god keeper som eigentleg bør spele på eit høgare nivå. På høgrebacken finn vi færøyske Rogvi Baldvinsson, ein spelar som kan spele både sentralt i forsvaret og på backplass. Han er ei essensiell brikke i Bryne-forsvaret og har faktisk landskampar for Færøyene. På den andre backen spelar lynhurtige Paul Addo. Han er ein offensiv back med hovudsakleg offensive kvalitetar. I midtforsvaret spelar kaptein og forsvarssjef Krister Wemberg saman med det unge talentet Andreas Ueland. Wemberg liknar Virgil van Dijk i spelestilen og er svært ruvande i det fysiske aspektet av spelet. Han blir dermed viktig på defensive dødballar, samstundes som han er ein ressurs også offensivt. Ueland er ein svært lovande spelar som har fleire kampar for G18-landslaget. Han er ein litt anna spelartype kontra Wemberg. Litt mindre robust, men meir mobil. Den siste brikka i det defensive puslespelet er Bjarne Langeland sentralt på midtbana. Han spelar i ei typisk anker-rolle og er den stabiliserande krafta på midtbana. Sjølv om han spelar i denne rolla er han den på laget med nest-flest mål i ligaen, 5 stk.
 
I dei offensive posisjonane har Bryne også gode spelarar. Indreløpar Mads Bøglid har fortid som angripar, og er ein målfarleg indreløpar i dette laget. Han er god på å time løpa sine i boks. I den andre indreløparposisjonen finn vi hurtigtoget Robert Undheim. Ein anvendeleg spelar med laupskapasitet og tempo, som har klart å etablere seg skikkeleg i laget litt ut i sesongen. På kantane har vi lokale innslag i både Einar Tunheim Lye og Vetle Lunde Myhre. Tunheim Lye er ung og lovande, medan Lunde Myhre har vore innom det fleste av klubbar i Rogaland. Begge var forventa å vere innbytarar og sitte mest på benken denne sesongen, men dei har klart å etablere og sementere plassane sine på laget. På topp henta Bryne Omar Fonstad frå Fram Larvik i vinter, og han vart tippa som ein av dei største favorittane til toppscorartittelen denne sesongen. Han har tidlegare vist seg som ein storscorar på dette nivået, og scora heile 19 mål førre sesong. Han har scora 11 mål hittil og er for fullt med i kampen om toppscorartittelen.

Om kampen

Denne kampen blir vital dersom vi skal henge med i kampen om direkte opprykk. Bryne er eit svært godt lag som også har lyst til å kome tilbake på vinnarsporet, så det blir alt anna enn lett søndag ettermiddag. Rogalandslaget var tippa som favoritt til å rykke opp før sesongen, noko som viser at kvaliteten i laget er god, det er berre at dei ikkje har fått ut det fulle potensialet sitt. Då vi møtte dei tidlegare i år vann vi 2-1 i ein kamp der vi var best. Vi må tilbake på det nivået om vi skal klare å få med oss alle poenga frå denne kampen. Vi håper laget hevar seg igjen og tek med seg alle poenga heim til Ulsteinvik. Køyr på, gutar!

2-1 siger til Hødd mot Bryne på Høddvoll

Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?

Vi håper dei som er i området tek turen på kamp å støttar dei blåkvite til 3 poeng!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet.

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2

  • BRYNE STADION

  • 23.09.2018 KL. 15:30

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Brattvåg Brattvåg 3 2 0 1 8 3 5 6
2 Viking 2 Viking 2 3 2 0 1 8 6 2 6
3 Arendal Arendal 3 2 0 1 4 3 1 6
3 Jerv Jerv 3 2 0 1 4 3 1 6
5 Brann 2 Brann 2 3 2 0 1 7 7 0 6
6 FK Eik Tønsberg 871 FK Eik Tønsberg 871 3 1 2 0 5 4 1 5
7 Sotra Sotra 3 1 2 0 3 2 1 5
8 Vard Haugesund Vard Haugesund 3 1 1 1 4 3 1 4
9 Fløy-Flekkerøy Fløy-Flekkerøy 3 1 1 1 5 5 0 4
10 Ørn Horten Ørn Horten 3 1 0 2 4 4 0 3
11 Lysekloster Lysekloster 3 1 0 2 4 6 -2 3
12 Kvik Halden Kvik Halden 3 0 2 1 3 8 -5 2
13 Hødd Hødd 3 0 1 2 4 6 -2 1
14 Notodden Notodden 3 0 1 2 1 4 -3 1

Annonse: