PREVIEW: BRATTVÅG - HØDD

Laurdag ettermiddag er det duka for ein real fylkesduell mellom Brattvåg og Hødd i PostNord-ligaen avd. 2! Vi håper du tek turen å støttar dei blåkvite til nye 3 poeng!

Venta mykje folk på kampen

To gode lag møtes til dyst på Brattvåg stadion laurdag kl. 16.00 og det er venta mykje folk på kampen. Du kan lese meir laurdagens motstandar her!

Om Brattvåg

Brattvåg er eitt av dei nyopprykka laga i denne avdelinga. Dei var innom 2. divisjon i 2016, men vart då tatt av omlegginga eller reformasjonen av divisjonssystemet, som gjorde at mange lag vart tvungne til å rykke ned. Før 2016 var dei eit stabilt 3. divisjonslag i ni sesongar, etter opprykket frå 4. divisjon i 2006. Det er ganske ekstraordinært å ha ein 2. divisjonsklubb på ein stad med omtrent 2500 innbyggjarar. Det som har fått Brattvåg med i toppen av 3. divisjon og deltaking i 2. divisjon er satsinga frå næringslivet og eigarane. Dei var, saman med Lysekloster, det beste laget i avdelinga si i fjor. Dei to laga hamna med like mange poeng, men Brattvåg hadde ein klart betre målforskjell enn Lysekloster. Brattvåg slo Os 1-0, som faktisk rykka ned på målforskjell, men hadde dei berre slept inn eitt einaste mål i den kampen, så hadde dei ikkje rykka opp. Dei enda med 56 poeng, noko som er vanleg for ein seriemeister. Det er nesten litt overraskande at dei ikkje vann med større margin over nestemann, ettersom dei scora heile 78 og slapp inn berre 27 mål, og hadde klart best målforskjell. Det spesielle med Brattvåg førre sesong var at dei utruleg nok tok fleire poeng på bortebane enn på heimebane, noko som er svært uvanleg.

Brattvåg har av mange blitt tippa å slite denne sesongen, naturlegvis ettersom dei er eit av dei nyopprykka laga. Då dei i 2016 var i 2. divisjon hamna dei på, noko som vanlegvis hadde haldt til å halde seg, ein solid 9. plass med 38 poeng. Det var eigentleg svært gode tal for eit nyopprykka lag, og Brattvåg var rett og slett uheldige m.t.p. tidspunktet dei rykka opp på. Målet denne sesongen er nok å halde seg, noko dei per dags dato er i rute til å kunne klare. Dei har tapt mot to gode lag i Bryne og KFUM, og begge kampane var på heimebane. Alle poenga Brattvåg har tatt denne sesongen har vore på bortebane, med sigrar mot Vard Haugesund og Vålerenga 2, og ein uavgjort mot Vidar. Den einaste triumfen dei har hatt på heimebane er cupbomba mot Molde. Etter 1-2-tapet mot Bryne, som var førre kamp, sa trenar Rune Ulvestad dette:

- ”Det er dyrt å ikke score på store sjanser i 2. divisjon, der man vanligvis ikke får så mange sjanser som vi spiller oss fram til i dag. Vi tar med oss det positive i at vi skaper så mange sjanser, og spillemessig er det tidvis mye bra. Likevel føles dette litt som å ha solgt smør, uten å ha fått betaling for arbeidet.”

Spelarprofilar på Brattvåg

Keeper Neydson da Silva er på lån frå Molde denne sesongen. Han spelte i OBOS-ligaen i fjorårets sesong for Elverum, og er ein god keeper på dette nivået. Mirza Mujzic er ein duellsterk stoppar som vart henta frå opprykksrival Lysekloster i vinter. Han fekk mykje negativ omtale i ein treningskamp mot Træff i vinter, sidan han hadde ein svært stygg ålboge på ein motspelar. Ein midtstoppar Hødd-folk kjenner til frå før av er Hugues ”Ygg” Wembangomo, og er sjefen deira i midtforsvaret. Han blir særs viktig for dei i kampen om å ikkje rykke ned, og bidreg med fart og rutine. Den tredje midtstopparen deira, Scott Fellows, slo ikkje gjennom i Aafk, og har difor fått sjansen for Brattvåg. Han har blitt ei viktig brikke i dei ”gule” si forsvarsrekke. Sentralt på midtbana har Brattvåg nok ein gong henta spelarar frå dei større klubbane i området. Ola Ormset kom frå Molde i vinter, etter ein skuffande sesong på lån i Levanger. Thomas Martiniussen og Daniel Stensøe var begge i Aafk, men fekk heller ikkje sjansen der, og har blitt berebjelkar for Brattvåg-laget.

Framover på bana har Brattvåg nokre spennande spelarar. Vi kjenner jo alle til Sondre Beite, som spelte for Hødd 2 og også fekk bra med speletid for a-laget. Han er driblesterk og har god teknikk. På den andre kanten har vi Patrik Hjelmeseth som kom frå Herd i vinter. Han er ein spennande spelar som har scora 1 mål hittil i ligaen. På topp har vi kanskje dei to viktigaste spelarane til Brattvåg. Torbjørn Grytten er ein typisk ”nummer 9” som scorar mykje mål. I 2. divisjon i 2016 scora han 14 mål, og i fjorårets sesong i 3. divisjon, scora han heile 22 mål. Han er ein nøkkelspelar for Brattvåg i år. Makker Emil Dahle er ein fotballsmart spelar, og kjem enten til å spele saman med Grytten på topp eller litt bak han som ein ”second striker”. Han spelte svært god fotball for HamKam i 2013, men fekk det ikkje heilt til i dei andre klubbane han prøvde seg i (Stabæk, Start og Bryne). Han har bra overblikk og teknikk.

Om kampen

Brattvåg har vore ganske varierande i prestasjonane denne sesongen. Dei har bytta på å vinne og tape i annankvar kamp, og tapte førre kamp, noko som ikkje er bra med overtruiske auger. Hødd, på si side, har ikkje tapt sidan 28. april mot KFUM, men har spelt uavgjort i dei to siste kampane mot Egersund og Vidar. Sidan begge lag ikkje har vunne på dei to siste kampane, så vil nok begge laga vere lystne på å kome tilbake på sigersporet. Spelemessig er det meste på plass, men det viktigaste med fotball er jo å setje ballen i mål fleire gongar enn motstandaren og vi håper nettopp det skjer mot Brattvåg laurdag. Vi satsar på at Hødd kjem tilbake på vinnarsporet, og tek med seg tre nye poeng heim til Ulsteinvik!

Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?

Kampen blir streama på Sunnmørsposten og Vikebladet (For abonnent), men vi håper du heller tek turen til Brattvåg laurdag og støttar Hødd. 

Det vil også bli oppretta ein kamptråd der ein kan følgje dei viktigaste hendingane frå kampen.

Slik sikrar du deg billett til kampen

Billett til kampen får du kjøpt på stadion. Der vil stå billetører som sel billettar ved inngangen.

Hødd supporterar vil få plass på tribunedelen mot Fotballhallen.

HEIA HØDD!

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2

  • BRATTVÅG STADION

  • 26.05.2018 KL. 16:00

Annonse: