PREVIEW: BODØ/GLIMT - HØDD

Onsdag 13. juni kl. 18.30 er det klart for eit møte med nok ein Eliteserie-motstandar i cupen. Dei ”gule frå nord” tek imot ”dei blåkvite” til 8-delsfinale i Noregsmeisterskapet!

Blåsarane på tur

Nokre av medlemmane i Blåsarane supporterklubb er på plass i Bodø for å støtte laget i kveldens kamp. Vi håper dei får valuta for turen og reiser heim til Ulsteinvik med ein god opplevelse!

Det blir spennande å følgje cupoppgjeret mot Bodø/Glimt i kveld! Du kan lese meir om dagens motstandar under.

Om Bodø/Glimt

Bodø/Glimt vart stifta, tre år før Hødd, i 1916, og er dermed ein av dei mest tradisjonsrike klubbane i fotball-Noreg. Dei siste 20 åra har Glimt bytta på å spele på øvste og nest-øvste nivå. Dei har spelt på øvste nivå i periodane 2000-2005, 2008-2009, 2014-2016 og 2018-. Dei har spelt i OBOS-/Adeccoligaen utanom desse periodane. Førre sesong var av det suverene slaget i OBOS-ligaen. Dei vann ligaen med 71 poeng, og hadde heile 16 poeng ned til Start på 2. plass, og 19 poeng ned til kvalifiseringsplassane. Dei scora 83 (!) mål på dei 30 kampane, noko som er i nærleiken av 3 mål i snitt per kamp. I tillegg slapp dei inn minst i ligaen med 33 mål, og denne kombinasjonen gjorde Glimt til det beste laget.

Ettersom Bodø/Glimt er nyopprykka i Eliteserien denne sesongen, så har dei ikkje vorte tippa til å hamne på øvre halvdel, men det har likevel vore knytt forhåpningar til det dynamiske laget frå Bodø. Per dags dato ligg dei på ein 11. plass, noko som er omtrent som forventa. Glimt starta sesongen med siger mot Lillestrøm, men klarte ikkje å vinne nokon av dei neste 7 ligakampane. Etter det har dei slått tilbake blant anna med siger på Aker Stadion og storeslem heime mot Ranheim. I den same perioden har dei tapt mot Start og Tromsø, noko som garantert var sure tap mot ein potensiell nedrykksrival og ein Nord-Norge-rival. I cupkampane har dei møtt lag som Mjølner, Melbo og Harstad, noko som har gjort vegen deira hit til ganske grei. Glimt spelte også ein kamp no på søndag mot Stabæk, og den enda 0-0. Det blir spennande å sjå om dei kjem til å stille eit liknande lag eller om rotering blir eit brukt alternativ.

Spelarprofilar på Bodø/Glimt

Bodø/Glimt kan velje å spele med anten Zoran Popovic eller Ricardo Friedrich, og det er vanskeleg å spå kven av dei som kjem til å spele. Popovic var førstevalet i starten av sesongen, men har etter kvart mista plassen til Friedrich. Dette er to ganske jamngode keeperar, og ein kan difor sjå føre seg at dette er ein type kamp Popovic får stå. Glimt kan velje å rotere i forsvaret også, men det er venta at dei stiller si beste forsvarsrekke i denne kampen. José Isidoro og Thomas Jacobsen er ganske gode backar, men det er midtstopparane som er det sterke leddet her. Både Brede Moe og kaptein Martin Bjørnbak står begge med 1 mål kvar hittil i sesongen, og ein skal spesielt vere obs på Bjørnbak. Speidarar frå Rangers ser visstnok på han som ein potensiell spelar dei vil hente, og i tillegg til å vere svært solid i forsvar, har han ein fantastisk god frisparkfot og er god på offensive dødballar elles.

Glimt si midtbane manglar kanskje litt på fysikken, men er til gjengjeld svært gode med ball i beina. Jose Angel er stabilisatoren og har som oppgåve å linke forsvaret og midtbana. Philip Zinckernagel og Ulrik Saltnes får difor friare roller, og kan bidra meir offensivt. Zinckernagel har scora 2 mål i ligaen denne sesongen, medan Saltnes har vore involvert i 4 mål hittil. Litt lenger fram på bana har Bodø/Glimt fleire valmoglegheiter. Amor Layouni har vore i fantastisk form i det siste, og kjem nok til å starte for å kunne fortsette i ”same sporet”. På venstrekant kan Håkon Evjen, Jens Petter Hauge eller Trond Olsen spele. Vi forventar at Olsen spelar, sidan han har erfaring og rutine når det kjem til cupkampar. Kristian Opseth er ganske sjølvskriven på topp dersom Glimt stiller sitt beste lag. Endre Kupen er ute resten av sesongen, medan Geir André Herrem ikkje har fått kome skikkeleg i gong. Opseth er ein trussel i lufta, og har eit venstrebein som kan ”skyte som ein hest”.

Om kampen

Våre første tankar er at det blir artig å få prøve oss mot nok ein Eliteserie-motstandar denne sesongen. Vi har vist at vi kan slå denne typen motstandar (KBK 2-0), og det er ingen grunn til at det ikkje kan skje igjen. Det blir rett nok vanskelegare å gjere det på bortebane, og Hødd er klare ”underdogs” i denne kampen, noko som er naturleg når ein møter lag frå to nivå over ein sjølve. Glimt likar å halde på ballen og spele langs bakken, så å forstyrre dei i å få bygge opp spelet sitt blir nøkkelen til å kunne gå sigrande ut. Det blir viktig å gå ut med skuldrane lave og spele med stoltheit, for alt ligg klart for ein god kamp onsdag ettermiddag. Vi gler oss! Heia Hødd!

Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?

Kampen blir streama gratis på nrk.no. Du kan også sjå kampen på Sunnmørsposten og Vikebladet (For abonnent).  

Det vil også bli oppretta ein kamptråd der ein kan følgje dei viktigaste hendingane frå kampen.

KAMPFAKTA

  • NM MENN 4. RUNDE

  • ASPMYRA STADION

  • 13.06.2018 KL. 18:30

Annonse: