Peter og Isak teken opp i A-stallen

Peter Hasund og Isak Gabriel Skotheim inn i Hødd sin A-stall

IL Hødd Fotball har mange unge spennende spelarar, og to av dei blir no ein del av Hødd sin A-stall. Peter Hasund (f.99) har sin favorittposisjon som spiss, mens Isak Gabriel Skotheim (f.01) trivast best i ei offensiv midtbanerolle. Hasund har signert ei kontrakt ut 2019, Skotheim ut 2020. Tidlegare i vinter vart Johannes Sundgot (f.99) teken opp i Hødd sin A-stall, også han frå Hødd sin rekruttstall.

Andrè Nevstad, Sportssjef uttalar følgjande:

- Peter har hatt ei jamn og positiv utvikling over tid og kan spele både spiss og på midtbana. Vi ser for oss Peter som ein komande target-spiss med sin fysiske styrke, samtidig som han veit kvar målet står. Han har gode ferdigheiter og har eit stort potensiale som vi gler oss til å utvikle vidare i åra som kjem.

- Isak er ein offensiv og kreativ midtbanespelar som fikk sin debut i serien for A-laget hausten 2017. Ein spelar med eit veldig stort potensiale, som har evna til å ta seg forbi motspelarar og skape ubalanse. Isak har god teknikk, oversikt og balanse, og tross sin unge alder vist at han er klar for nye og større oppgåver.

Kommentar frå Peter Hasund:

- Det var kjekt når eg endeleg fekk beskjeden om å bli ein del av A-stallen. I treningskampane til no har eg også fått ein del speletid og gode tilbakemeldingar, noko som eg er svært glad for. I tillegg håper eg å ta steg i åra som kjem, og det å få trene på eit høgre nivå med enda større intensitet på trening håper eg skal utvikle meg til å bli ein betre fotballspelar. Har ambisjonar om å spele fast på A-laget løpet av året og håper å kunne bidra med fleire skoringar for laget.

Isak Gabriel Skotheim:

- Veldig stort å bli tatt opp i A-stallen og har alltid tenkt at ein gong i framtida at eg skulle få sjansen til det. Stort for meg å få moglegheita. Eg meina at eg har nivået inne og vil vise det!

Vi gratulerer Peter og Isak med plass i Hødd sin a-stall og gledar oss til mange gode opplevingar i åra framover!

Annonse: