PAUL-HENRI MOUSSINGA MOUASSO KLAR FOR HØDD

Paul-Henri Moussinga Mouasso (22) har i dag signert ein avtale med Hødd ut 2021-sesongen!

Paul-Henri har både fransk og kamerunsk pass og har spelt U17 og U19 fotball for den kjente franske klubben Paris Saint-Germain. Dei siste åra (sidan hausten 2017) har han spelt i Portugal og spelte i fjor for den portugisiske klubben SC Alvarenga.
Paul-Henri var på prøvespel for nokre veke sidan og spelte blant anna første omgangen i treningskampen mot Spjelkavik. No er den sentrale midtbanespelarane klar for å spele i Hødd-drakta dei neste to åra. 

Paul-Henri signerte i dag ei toårskontrakt med Hødd og spelar i Hødd-drakta ut 2021-sesongen!

Hovudtrenar Kevin Knappen seier dette i ein kommentar:
- Paul-Henri Moussinga Mouasso frå Frankrike har signert for to år. Paul er ein sentral midtbanespiller, han er fysisk sterk og god med ball. Dei to siste sesongane har han vore i Portugal, mens han har gått gradene i PSG. Paul var her i Ulsteinvik på treningsopphald tidleg i februar månad, der han gjorde eit solid inntrykk på og utanfor bana. Vi ønsker Paul velkomen til Hødd!
 
Paul-Henri kommenterer dette til Hødd:
- Eg har blitt veldig godt mottatt av klubben og gler meg til å kome i gang i Hødd-drakta. Ønsker å bidra med mine ferdigheiter og hjelpe klubben til det neste nivået der dei høyrer heime. Eit spennande prosjekt som eg ønsker å vere ein del av og med dei fasilitetane og kompetansen som er i klubben, så fortener laget å spele på eit høgre nivå i Norge. 
 

Vi er ønsker Paul-Henri velkomen til Hødd!

FAKTA

  • Namn: Paul-Henri Moussinga Mouasso

  • Fødd: 25. oktober 1997

  • Posisjon: Midtbane

  • Tidlegare klubbar: Paris Saint-Germain, SC Amiens B, Moura, SC Alvarenga

Annonse: