Påmelding: Hødd Ekstra Hausten 2017

Påmeldinga for hausten 2017 er open.

Hødd Ekstra er eit spelarutviklingstiltak i regi av IL Hødd Fotball som har som formål å utvikle, inspirere og motivere dei ivrigaste spelarane i alderen 6-12 år i Hødd og naboklubbane. Vårt tilbod er meint som eit supplement til den ordinære lagsaktiviteten, og er open for både gutar og jenter. Hødd Ekstra er eit av fleire tiltak som fell inn under paraplyen til Høddskulen. Hensikta med dette prosjektet er å utvikle fleire lokale spelarar til Hødd sitt A-lag i norsk toppfotball.

Hødd Ekstra blir arrangert éin gang i veka i perioden august-september og to gongar i veka i perioden oktober-desember. Det er valfritt om ein ønskjer å delta éin eller to gongar i veka. Dersom ein ønskjer å delta berre éin gong i veka, er det onsdagar aktiviteten fell på for jenter, og laurdagar for gutar. Om ein meldar seg på to gongar i veka får ein éi trening (onsdag/laurdag) i perioden august – september og to treningar i veka i perioden oktober – desember (onsdag og laurdag).

Vi vil oppmode spelarane til å delta to gangar pr veke, då dette vil gi best utvikling.

Deltaking éin gong i veka jenter:

  • Onsdagar 18.00 – 19.30 for 6-9 år og 10-12 år (delt i 2)
  • Øktene varer i cirka 60 minutt for 6-9 år / cirka 75 minutt for 10-12 år
  • Fyrste trening: onsdag 02. august / Siste trening: onsdag 20. desember

Deltaking to gongar i veka jenter:

  • Onsdagar august – september (kampsesong) / Onsdagar og laurdagar oktober – desember
  • Onsdagar 18.00 – 19.30 for 6-9 år og 10-12 år (delt i 2)
  • Laurdagar 10.30 – 12.00 for 10-12 år / Laurdagar 12.00 – 13.30 for 6-9 år
  • Øktene varer i cirka 60 minutt for 6-9 år / cirka 75 minutt for 10-12 år
  • Fyrste trening: onsdag 02. august (laurdag 07. oktober) / Siste trening: onsdag 20. desember

Deltaking éin gong i veka gutar:

  • Laurdagar 10.30 – 12.00 for 10-12 år / Laurdagar 12.00 – 13.30 for 6-9 år
  • Øktene varer i cirka 75 minutt for 10-12 år / cirka 60 minutt for 6-9 år
  • Fyrste trening: laurdag 05. august / Siste trening: laurdag 16. Desember

Deltaking to gongar i veka gutar:

  • Laurdagar august – september (kampsesong) / Laurdagar og onsdagar oktober – desember
  • Laurdagar 10.30 – 12.00 for 10-12 år / Laurdagar 12.00 – 13.30 for 6-9 år
  • Onsdagar 17.30 – 19.00 for 6-9 år / Onsdagar 19.00 – 20.30 for 10-12 år
  • Øktene varer i cirka 75 minutt for 10-12 år / cirka 60 minutt for 6-9 år
  • Fyrste trening: laurdag 05. august (onsdag 04. oktober) / Siste trening: onsdag 20. desember

Kven Hødd Ekstra passar for:
- Dei som trenar mykje eigentrening
- Dei som følgjer mest med
- Dei som vil lære mest mogleg
- Dei som lever seg inn i aktiviteten
- Dei som er mest fokusert i øvingane
- Dei som likar utfordringar og som ikkje gir opp når ting blir vanskeleg

Kva vi forventar av deltakarane:
- Alle møter klare til avtalt tidspunkt.
- Ingen røyrer kjegler/mål eller anna utstyr som står klart på treningsfeltet.
- Alle svarar på invitasjonen som blir sendt ut i Spond* før påbegynt trening.
- Alle møter med riktig treningskle/utstyr for fotball trening (påbod med leggskinn). Alle skal ta med seg drikke.
- Spelarane skal plassere sekk/bagg og anna utstyr utanfor treningsfeltet.
- Alle følgjer med og lyttar når trenarane instruerer eller gir beskjeder.
- Alle gjer sitt beste på alle øvingar og behandlar alle rundt seg med respekt og er positive.
- Etter treninga hjelper alle til med å samle ballar, kjegler og vestar. Trenarar/foreldre skal ikkje hente ballar.
- Foreldre eller andre er hjarteleg velkomne til å sjå på, men vi ønskjer ikkje nokon andre enn spelarane og trenarane på bana på øktene. Ei eller at foreldra snakkar til spelarane under øktene. Dette gir best læringsmiljø.

* Ein app vi brukar for å få oversikt over oppmøte. Denne vil også gi oversikt over alle framtidige treningsøkter.

PÅMELDINGSINFORMASJON FINN DU HER!

PÅMELDINGSFRIST: 04. august.

PRIS:
- Éin gong i veka: 1200,- (pluss transaksjonskostnad) / To gongar i veka: 1500,- (pluss transaksjonskostnad)
- Barn nr 2: 50% rabatt

Annonse: