Overtidstap mot Molde

Bendik Rise scora 1-0, men Molde snudde kampen og vant 2-1.

Etter ein mållaus første omgang blei det scora tre mål i andre. Bendik Rise scora 1-0, før Thomas Amang og Etzaz Hussain snudde kampen til 1-2. 

Første omgang var sjansefattig med eit lite Molde-overtak. Sander Svendsen, Ottar Karlsson og Thomas Amang kom alle til sjansar, men avslutningane blei enten for svake, blei blokkerte eller stoppa av Jan Lennart Urke. På moglegheita til Amang sto kaptein Jesper Törnqvist fram med ei kjempeblokkering. Badr Rahhaoui kom også til ein god sjanse. Etter ein løpsduell med Babacar Sarr kom Badr på skothald, men avslutninga gjekk rett på Andreas Linde. 

Amang kom også til den første sjansen i andre omgang, men ei god redning frå Urke hindra 0-1. Etter at Molde opna omgangen best kom Hødd meir med etterkvart. Dette skulle også føre til scoring. Etter 68 minutt spelar Torbjørn Kallevåg ei fin pasning opp i mellomrommet til Bendik Rise. Rise spelar så vegg med Bendik Torset, før han avsluttar via ein Molde-spelar og i mål. Kampen roa seg noko etter dette, men etter 81 minutt gjekk ei lang pasning via hovudet på Steffen Moltu og i bakrom til Amang. Spissen frå Kamerun gjorde ingen feil åleine med Urke, og dermed utlikning. På overtid fekk Etzaz Hussain tid og rom rett utanfor Hødd sin 16-meteren. Hussain skyt så hardt, og ballen går via Urke og i mål. Like etter fekk Badr ei god moglegheit til å utlikne, men avslutninga gjekk rett på keeper. Fleire sjansar blei det ikkje, og dermed gratulerer vi Molde og Ole Gunnar Solskjær med avansement i NM.

Husk neste heimekamp førstkomande søndag klokka 15.00 mot Nest-Sotra.

KAMPFAKTA
Hødd - Molde 2-1 (0-0)

1-0: Bendik Rise (68 min)

1-1: Thomas Amang (81 min)

1-2: Etzaz Hussain (90 min)

2.runde NM. Dommar: Marius Hansen Grøtta. Tilskodarar: 1083. Gult kort: Thomas Amang, Molde.

Hødd (4-3-3): Jan Lennart Urke - Martin Mork Breivik, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Preben Sætre - Bendik Torset, Henrik Breimyr, Torbjørn Kallevåg - Bendik Rise (Magnus Myklebust frå 89), Badr Rahhaoui, Didrik Sereba (Sondre Beite frå 67).

Molde (4-3-3): Andreas Linde - Christoffer Remmer, Stian Gregersen, Babacar Sarr, Ole Martin Rindarøy - Tobias Svensden (Eirik Hestad frå 69), Fredrik Aursnes, Etzaz Hussain - Thomas Amang (Erling Håland frå 87), Ottar Karlsson (Fredrik Brustad frå 46), Sander Svendsen.

Annonse: