ONSDAGSPRAT MED "ODDEN"

Vi har tatt oss ein prat med Odd Arne Seljeseth som har vore brennande engasjert i lokalfotballen i ein mannsalder.

Odd Arne Seljeseth har vore brennande engasjert i lokalfotballen i ein mannsalder og er eit godt kjent namn blant klubbane på Sunnmøre. Dei fleste kjenner han under kallenamnet "Odden". 

Odden er svært glad i fotball og er ofte innom Høddvollhuset for å ta ein fotballprat med oss i administrasjonen og på sport. 

Vi tok oss derfor ein lenger prat med han i dag.

Odden: - Viktig for alle lokalsamfunn å ha eit fotballag

Du har vore engasjert i fotballen i mange år. Kva er og har vore drivkrafta di opp gjennom alle åra?

- Eg føler det er viktig for alle lokalsamfunn å ha eit fotballag og når eg kom ut til Larsnes i 1974, så var der ikkje noko lag i ungdomsfotballen. Vi starta derfor opp eit gutelag å trena dei og året etter fekk vi også på plass eit smågutelag. Då begynte ballen å rulle og eg engasjerte meg meir og meir. Seinare trente eg Gursken og Larsnes sine A-lag. Etter dette fortsatte eg å trene mindre breiddelag.

- Skal vi få fram gode spelarar på Søre er det viktig at dei vaksne spelar fotball slik dei påverkar ungane sine i oppveksten. For at vi skal få fram gode spelarar i Hødd er det viktig å rekruttere frå klubbane i heile området. Det er derfor viktig at det er mange lag i nærområdet. Dette har heile tida vore drivkrafta mi og eg veit at dersom lag forsvinn frå øyane, då sluttar også ungane å spele fotball. Spelar ungane fotball vil foreldra kome å sjå på, støtte dei og engasjere seg i lokalsamfunnet i enda større grad. Men først og fremst trivsel, miljø og kameratskap er viktige faktorar for å halde på med fotball.

Odden nr. 2 bak frå venstre
Odden nr. 2 bak frå venstre

Har du rekna på kor mange år du har vore engasjert i fotballen?

- Har vore med stort sett kvart år sidan 74´. Etter ei lita periode som spelar på A-laget til Hødd, så var eg veldig opptatt av trenarjobben og prioriterte det eigentleg meir enn å spele sjølv. Breiddefotball har alle tider vore drivkrafta for meg, sjølv om eg trente lag i 3. divisjon nokre år. Det å halde lag i gong har vore viktig.

Kva vil du seie er ditt beste minne frå fotballen etter så mange år?

- Det er så mange gode minne, veldig vanskeleg å velje ut nokon spesielle minne, men det var litt kjekt å følgje Åram frå 7. til 3. divisjon. Det var ei spanande tid, ein liten plass der det ikkje bor meir enn 500 innbyggjarar. Vi klarte å skape eit heilt spesielt miljø der folk kom frå Oslo, Molde og Ålesund heim på trening. Det vi opplevde desse åra var no heilt fantastisk!

- Det har også vore svært kjekt å trene spelarar frå mindre breiddeklubbar som vi har sett igjen her i Hødd-miljøet også. Det er mange gode minne, men tida i Åram, som no heiter Vanylven set igjen som eit sterkt minne. 

Søre Cup eller "Odden Cup" som dei fleste kjenner cupen gjekk av stabelen i helga som var. Korleis vil du summere opp helga?

- Vi har aldri hatt så mange lag med og det var bra kvalitet på cupen. Mange god lag var med i år, men skulle gjerne hatt med enda fleire damelag. Eg må seie eg er litt bekymra for damefotballen på Søre. Før hadde Tjørvåg, Leikong, Bergsøy, Gjerdsvika damelag som var med på cupen, men slik er det ikkje lenger dessverre. Eg er også litt skuffa over at det ikkje var med fleire herrelag frå Herøy. I år var det kun Moltu som var med frå Herøy og det er skuffande. 

- Det var god stemning, mykje folk var innom å såg på, ingen stygge episodar, ingen alvorlege skader, og vi greidde å halde tidsskjema ganske bra. Eg må også skryte litt av SUFH som var med å skapte god stemning i hallen med sine lag. 

- Dommarane sto på og gjorde ein god jobb og lagleiarane fekk møtast å prata med kvarandre. Eg følte heile tida at det var eit godt miljø og god stemning under cupen. 

Du har i år uttalt at inntektene frå cupen skal gis til Hødd og til nytt kunstgrasdekke og lysanlegg på KGB. Kvifor er dette viktig?

- Det er veldig viktig at ungane har gode treningsforhold på Høddvoll, men også for breiddeklubbane Flø og Vanylven som nyttar bana. I tillegg er no Hødd 100 år i år og det også var ein viktig faktor for at vi valte at inntektene skulle gå til dette. 

- Eg vil også at vi skal få fram dugnadsånda som var der før i Hødd-miljøet, no i ei periode der klubben treng all støtta den kan få. Viktig at vi kan gå foran som gode eksempel for andre at vi gjer dette for Hødd, vise at vi støttar klubben og at vi bryr oss om Hødd. A-laget til Hødd er lokomotivet for alle herrelaga rundt oss og gjer dei det bra, så skaper dei også interesse for fotballen i heile nærmiljøet vårt. Derfor må vi få fram interessa for Hødd igjen slik at alle bryr seg om at laget skal gjere det bra. Det er viktig!

Og til slutt. Korleis trur du det går med Hødd i år i PostNord-ligaen avd.1?

- Eg er veldig spent. Mange trur at det går dårleg med Hødd, men når forventningane ikkje er store i forkant, så er det alltid lettare å spele. Ikkje same presset på seg som lag. Eg trur Hødd fort kan overraske, men med mange nye spelarar på laget, er det viktig at dei får ein god start. Kjem dei dårleg ut vil det bli blytungt. Med ein god start kan Hødd gjere ein god sesong! Første kampane blir derfor avgjerande. Gjer laget det bra vil også publikum vere med å skape god stemning på tribuna. Eit ungt Hødd-lag treng støtta når laget sparkar i gang sesongen. 

Vi takkar Odden for ein hyggeleg prat og ønskjer han lykke til med fotballsesongen!

Annonse: