Oddmund Otterlei er på plass på Høddvoll

Otterlei: - Mine ambisjonar for Hødd er svært mange.

Oddmund Davik Otterlei er ei dryg veke inn i sin nye jobb som Dagleg Leiar i IL Hødd Fotball, og vi har tatt ein prat med den nye sjefen på Høddvoll. 

- Korleis har di første arbeidsveke på Høddvoll vore?

- Den første veka i Hødd var hektisk og triveleg. Eg vart svært godt teken i mot og eg fekk helse på mange trivelege folk. Det er sjølvsagt svært mykje å setje seg inn i, og eg har mykje å lære. Og i slutten av veka fekk eg med meg siger både for rekruttane og a-laget, så det toppa ei fin første veke her på Høddvoll 😊

- Kva grubla du mest på før du takka ja til å verte klubbleiar i Hødd?

- Det var eigentleg reisebelastninga eg var mest usikker på. Eg veit eg blir meir borte frå dei heime i og med at eg pendlar tre timar for dag. Men når dei var så positive og meir enn gjerne ville ha meg ut gjennom dørene så var dette ei utfordring eg ikkje kunne seie nei til.

Kva oppgåver kjem du til å prioritere i dine første veker?

Eg tenkjer at det er svært viktig å bli kjent med både personar i og rundt klubben. Dette i tillegg til å setje meg inn i alt av oppgåver i jobben. Alt dette kjem sjølvsagt til å ta tid. Men folk her er svært opne og mange oppsøker meg for ein prat og det set eg stor pris på.

- Kva er IL Hødd Fotball si største utfordring framover?

- Det er ikkje til å stikke under ein stol at vi som Post Nord-lag kan opplevast som mindre attraktive enn vi var i Obos-ligaen. Dette gjer nok at budsjettet også vert strammare. Men vi skal bli flinke til å bruke kvar krone endå betre enn før og halde oppe kvaliteten på det vi driv med sjølv om ressurane kan bli mindre.

- Kva gjer at du ser optimistisk på framtida til Hødd?

- Når eg ser all den gode aktiviteten som er i Hødd så blir eg glad. På jentesida er der fleire spelarar enn nokon gong før og damelaget kjempar om opprykk til 2. divisjon. På gutesida blir vi framleis stadig større og rekruttlaget rykte i år opp til 3. divisjon med suveren margin. Det blir produsert mange lovande spelarar av begge kjønn og dette kjem vi til å få glede av i mange år framover. I tillegg er Hødd ein klubb med plass til alle. Vi skal ta vare på toppane, men leggje til rette for alle som ønskjer å vere ein del av Hødd.

- Du kjem frå jobben som rektor ved Brattvåg ungdomsskule, kva erfaringar kan du ta med deg derfrå inn i din nye jobb?

- Det å drive skule er mykje likt med det å drive fotballklubb. Som rektor prøver du å få det beste ut av kvar lærar slik at desse får det beste ut av kvar elev. Mykje slik er det i ein også. Her gjeld det å leggje til rette slik at alle trenarane får ut det beste i kvar spelar. Samstundes er det viktigaste begge stader å skape gode menneske med positive verdiar.

- Kva er dine ambisjonar for Hødd?

- Mine ambisjonar for Hødd er svært mange. Eg skal lede ein klubb som skal ha mange tankar i hovudet samstundes. Vi har ambisjonar om at a-laget skal rykke opp til Obos-ligaen. Dette skal skje med så mange lokale spelarar som råd. Damelaget skal på sikt rykke opp til 2. divisjon med i hovudsak lokale spelarar. I tillegg skal vi vere ein klubb som tek vare på og legg til rette for den enkelte og skaper gode mennesker med positive verdiar.

Vi ønskjer Oddmund Davik Otterlei velkomen lykke til i sin nye jobb i IL Hødd Fotball!

Annonse: