ODDMUND DAVIK OTTERLEI GIR SEG I HØDD

Hødd sin daglege leiar, Oddmund Davik Otterlei, har takka ja til stilling som rektor ved ein skule i Haram. Med det gir han seg i Hødd.

Oddmund Davik Otterlei kom til Hødd i oktober 2017. Han kom då frå stilling som rektor i Brattvåg ungdomsskule. Etter vel eit år i klubben går vegen tilbake til skuleverket.

-Eg vil takke alle som er glade i Hødd for samarbeidet. Spesielte dei tilsette som står på døgnet rundt for å leggje til rette for god aktivitet blir det vanskeleg å reise frå. Men eg må også få takke styret, aktive, foreldre og supportarar som alle bidreg med stort engasjement og mykje kunnskap. Eg har i løpet av tida blitt oppriktig glad i Hødd. Såleis var det svært vanskeleg å ta valet om å gå tilbake til skuleverket, seier Oddmund Davik Otterlei.

Styreleiar Ivar Morten Normark seier:

- Klubben takker Oddmund for å ha investert mykje på kort tid i Hødd og han vil med sitt gode humør og engasjement bli savnet.

Annonse: