NY TRENINGSKAMP LAURDAG

Laurdag kl. 14:00 spelar A-laget sin tredje treningskamp for året, borte mot Molde 2 på Aker Stadion

Forrige fredag spelte Hødd sin andre treningskamp mot Spjelkavik på Color Line Stadion. Kampen enda i eit 3-2 tap, der vi hadde nok sjansar til å skore fleire.
 
Vi har stilt Sander og Jesper nokre spørsmål til kampen mot Molde 2.
 
Då har vi fått unnagjort to treningskampar så langt i oppkøyringa. Korleis har framgangen våre i dei to kampane?
-      Periodevis leverte vi godt mot Herd i første treningskamp, medan vi mot Spjelkavik ikkje lukkast i så stor grad som vi ønska. Samtidig har vi mange nye relasjonar, samt ei formasjonsendring, som truleg også spelar inn. Vi må vere tolmodige og utviklingsorienterte! Vi har evaluert og ser fram mot ny kamp i helga!
 
Kampen mot Molde 2 er nok eit hakk opp i forhold til Spjelkavik kampen, kva tankar har du rundt den kampen?
-      Vi møter eit forsterka Molde 2-lag, så vi vil anta at motstanden er vel så god – og kanskje betre – enn førre helg. Det betyr at vi får god motstand, og målet vårt blir å levere ein betre fotballprestasjon individuelt og som lag. Vi jobbar mot å få laget til å tenke så likt som mogleg i alle spelfasar – og håpar og trur vi har tatt steg i rett retning denne veka.
 
Fire veker med trening er unnagjort i oppkøyringa Jesper, korleis ser forma ut til spelarane? Nokon nye skader?
-      Forma er der den skal være i denne perioden, vi skal ikkje være i toppform no. Men den er stigande!
Det er litt sjukdom som går for tida, noko vi har fått merka i laget. Fleire har slite med sjukdom og nokre er sjuke no.
Joakim Wrele og Joachim Osvold har vore sjuke denne veka, men er tilbake til trening i morgon. Vi satsar på at dei blir klare til kampen.
På skadefronten er det Isak og Johannes som har slite litt, men håpar at dei også blir klare til kampen.

Annonse: