NY TRENINGSKAMP FOR DAMELAGET

Laurdag spelar Hødd-damelag ny treningskamp borte mot Molde FK på Aker Stadion. Kampstart kl. 14.00!

Hødd-damene spelte ein god treningskamp tysdag borte mot Herd og kunne med litt betre uttelling på avslutningane vunne kampen. Kampen enda til slutt 3-3 etter ei sein redusering av heimelaget. 

Målscorarar for Hødd var Anna Nerland Aahjem, Ragnhild Ertesvåg og Anna Tødenes.

Svært nøgde med overgangsspelet

- Vi spelte ein god kamp mot Herd tysdag og håper å ta med oss det positive frå kampen inn i neste kamp mot Molde FK laurdag. Vi var svært nøgde med overgangsspelet i kampen der vi utfordra dei med tempo i lengderetninga og sette heimelaget Herd skikkeleg på prøve. I tillegg var vi gode i perioder når vi klarte å halde ballen i laget. Mykje å bygge vidare på inn mot neste kamp, seier trenar André A. Gardshol. 

No ventar nok ein tøff kamp mot ein anna divisjonskollega i Molde FK på Aker Stadion laurdag. Det blir derfor spanande å sjå om laget kan bygge vidare på den gode opplevinga frå den forrige treningskampen mot Herd.

Tropp

Cecilia Bakke, Andrine Nevstad, Anna Nerland Aahjem, Ellen Nerland Aahjem, Agata Drozdzik, Thea Ertesvåg, Johanne Helvig, Anna Tødenes, Lina Dorthea Solheim Stave, Hannah Rekdal, Oline Marø Sundgot, Vilde Sundal, Camilla Meinseth, Bertine Køso, Ragnhild Ertesvåg, Nikoline Gjerde.

Vi ønskjer Hødd-damene lykke til mot Molde FK!

Annonse: