Ny siger for Hødd-damene i 4. divisjon

Torsdag spelte Hødd Dame sitt rekruttlag sin andre kamp i årets 4. divisjon. Det var ein jamn kamp i perioder, som tilslutt enda det med ein fullt fortjent 5-1 siger til Hødd-jentene!

Hødd stilte truleg med eit av dei yngste laga i Hødd-historia på senior nivå. Snittalderen til laget var på omlag 15-16 år. I troppen hadde vi med 6 jenter som fortsatt går på ungdomsskulen, dette vil seie at vi har fleire unge, gode spelarar som kan nå langt innan fotball dersom dei står på og vil.

Start-ellvaren bestod av vår suverene keeper Gro-Elise Aksnes, som sto berre sin 2. kamp på senior-nivå og hadde full kontroll!
Vi spelte med ei tre-backsrekke som stod godt og hadde kontroll stort sett heile kampen. Vilde Sundal, Johanne Rise Kvalen og Sigrid Petronille Pedersen gjorde sitt beste for å stoppe Valder sine målsjansar i denne kampen.
Midtbanefiraren bestod av Olea Flø Larsen, Ragnhild Knardal, Oline Marø Sundgot og Kethleen Lorenzo som gjorde ein framifrå innsats!
Den fremre trearen vår bestod av Thea Ertesvåg, Ine Sleipnes og Stine Marø Sundgot.

Første omgang starta jamt, og litt mykje lange ballar frå eit fysisk Valder-lag, men vi kom godt inn i kampen etterkvart, og etter 19 minutt kom det første målet til Hødd. Ine Sleipnes sendte Hødd-jentene i leiinga.

Det blei ein vanskeleg kamp mot eit godt og fysisk lag som ville spele "kick'n run" fotball. Dette førte til at Hødd måtte vere tålmodige, og etterkvart hadde Hødd fleire raske kontringar av høg høg klasse!!
Eit minutt før pause auka Ine Sleipnes leiinga til 2-0, til stor jubel for eit publikum som heiar i all slags vêr. Flott forarbeid av Stine på kanten!

Andre omgang starta også tøft, og både Valder og Hødd var på hugget frå start!
Etter 18 minutt klarte kaptein Oline Sundgot å kjempe ballen i mål, dermed var stillinga 3-0.

I det 78ande minutt punkterte Lina Stave kampen, og auka leiinga til 4-0. Lina debuterte på seniornivå, og vi er stolte av å kunne få fleire unge og lovande spelarar med i troppa. Etter eit vakkert skudd i , utagbart i vinkelen like utanfor vår eigen 16-meter fikk også Valder med seg eit mål i frå kampen. Dermed var stillinga 4-1 til Hødd-jentene.

Men med ei jente med navn Ine Sleipnes på topp, var ikkje målfesten over....I det 89ande minutt løfta ho ballen fint over keeper, og med det hat-trick! Målet kom etter eit fantastisk gjennomspel av Oline Sundgot.

Bytta til Hødd kom i følgjande rekkjefølge:

Cecilia Bakke inn for Oline Sundgot etter ca 30 minutt.
Oline Sundgot inn for Ragnhild Knardal etter 45 minutt.
Lina Stave inn for Thea Ertesvåg etter 55 minutt.
Ragnhild Knardal inn for Olea Flø etter 60 minutt.
Johanne Helvig inn for Vilde Sundal etter 62minutt.
Therese Fiskaa inn for Kethleen Lorenzo etter 65 minutt.

Vi takkar Valder for ein tøff kamp, og ynskjer dei lykke til vidare i serien. Vi vil også takke dommar, Inge Johan Andersen for kampen, og ynskjer han lykke til vidare med dømminga.

Allereie Torsdag 4.mai står ein ny bortekamp for tur. Denne gongen er det Stranda/ Sunnylven som er motstanderen. Vi gleder oss til neste kamp, og vil takke alle foreldre og besteforeldre som var tilstades under kampen idag.

FOTO: Inge Sleipnes

Vi takkar Sigrid Pedersen for eit fyldig referat frå kampen! 

Annonse: