Notisar frå Høddvoll

Blåsarane, TV-aksjonen, Heimebane, Talentleiren og besøk på fotballskule.

- Blåsarane har overnattingstur til bortekampen mot Nardo helga 2.- og 3. september. Avreise laurdag kl. 09. Ta kontakt med Blåsarane om du vil melde deg på.

- Mange spelarar frå Larsnes og Gursken har representert Hødd opp gjennom, og tre av dei er også i årets A-stall. Kor gode kunne LGFK vore om alle hadde spelt for moderklubben? Det skal vi finne ut av tysdag 17. oktober. Årets TV-aksjonskamp vert då spelt på River Plate i Gursken mellom Hødd og eit LGFK-lag forsterka med sine Hødd-spelarar. Sett av datoen allereie!

- Larsnes IL hadde tradisjonen tru Sparebanken Møre fotballskule denne veka, og torsdag var Jesper Tørnqvist og Robin Shroot på besøk. Blant anna delte dei ut 100 billettar til neste heimekamp mot Fana.

- NRK-serien «Heimebane» kan fort bli vinterens nye snakkis. Som alle veit er handlinga lagt til Høddvoll og Ulsteinvik. No er filmcrewet tilbake på Høddvoll, der innspelinga rullar både denne og neste veke. Vi takkar dei aktive og dei rundt for tålmodigheita i forhold til mange flyttingar av treningar og kampar. Det trengs stadig statistar, så følg gjerne med og bli med når det vert etterlyst nye statistar.

- Den årvisse talentleiren gjekk av stabelen forrige veke. Det vart ei flott veke også i år, med mykje god aktivitet og læring.

Annonse: