Norway Cup 2017

Her kan du lese deg opp om det meste før Norway Cup startar 29. juli!

Om Norway Cup

Norway Cup er verdas største fotballturnering for barn og unge. I 2016 var det rekordpåmelding med heile 2199 påmeldte lag.

Turneringa arrangerast kvart år i veke 30 og veke 31. Det er parade og opningsshow laurdag i veke 30 og dei fleste lag starta med kampar på søndagen i veke 30. Deretter blir det spelt cirka 6000 kampar i løpet av veka. Finalene blir spelt fredag og laurdag i veke 31.

Hødd har vore ein fast deltakar på Norway Cup i fleire år og er godt representert også under årets turnering.

Transport

Dei fleste vil nok reise til Oslo med foreldra, men for dei som reiser aleine, så er det greitt med ei oversikt over dei ulike transporttilboda som er tilgjengelig. Sjå derfor under for meir informasjon!

Ulsteinvik - Oslo – Ulsteinvik

Det er fleire måtar å kome seg frå Ulsteinvik til Oslo og tilbake. Dei fleste kjem seg nedover sjølve, men for dei som skal reise aleine, så går der buss og fly daglig til Oslo.

Buss

Nettbuss
Nettbuss

Strekninga Ulsteinvik – Stryn blir køyrt med dagavgangar i korrespondanse med buss til/frå Oslo. Nattavgangar Ulsteinvik – Oslo blir køyrt av dobbelt-dekkere med 64 seter der halve bussen i andre etasje har oppjustert komfort (plus) med seter i løysning 2 + 1.

På alle avgangane til Nettbuss er det plassgaranti og det vil bli satt opp ekstra buss om det er mange reisande.

Dagbussen har avgang frå Ulsteinvik kl. 10.15 og med ankomst kl. 20.30 Oslo bussterminal.

Nattbussen har avgang frå Ulsteinvik kl. 21.05 og med ankomst kl. 06.41 Oslo bussterminal.

For prisar og kjøp av billett, sjå her!

Fly

Om man er tidlig ute er det også mulig å få kjøpt flybillettar til reduserte prisar hos dei aktuelle flyselskapa. Det kan derfor vere fornuftig å følgje med på nettsidene til Norwegian, SAS og Widerøe for tilbod.

Norwegian og SAS har daglige avgangar frå Vigra.

Widerøe har daglige avgangar frå Hovden.

For dei som nyttar seg av fly til Gardermoen, så er det mulig å ta buss eller flytog inn til Oslo bussterminal.

For meir informasjon, sjå her!

Oslo

Alle som har A-kort under Norway Cup vil ha fri transport med Ruter (buss, t-bane, trikk og øy båtane) innanfor Oslos grenser heile veka.

For reisande utan A-kort er det mulig å kjøpe seg billett på Ruter sine heimesider eller ved å bruke Ruter sin app.

Her kan man kjøpe enkeltbillett, 24-timers billett og 7-dagersbillett.

Innsjekking

Innsjekking skjer i Norway Cup/Bækkelagets Sportsklub sine lokalar. Her er det ein representant for klubben som skal sjekke inn laga og ikkje kvar enkelt lagsleiar. Hødd sin representant under Norway Cup blir Andre Nevstad. For spørsmål eller liknande, ta kontakt på telefon 92 22 22 25.

Innkvartering – overnatting

Hødd skal i år bu på Nordstrand skule. Sjå kart under!
Kart Ekeberg – Nordstrand skule.

Norkart AS
Norkart AS

Deltakarkort

A-kort

A-korta blir utdelt til Hødd sine lagsleiarar på dei ulike laga. Lagsleiarane har då det vidare ansvaret for å dele dette ut til trenarar og spelarar på sitt lag.

Dette er inkludert i kortet:

- Skuleovernatting: åtte overnattingar frå laurdag til søndag
- Mat: Frukost på skulen – lunsj og middag i Ekeberg Idrettshall (kun middag laurdag 30 .juli)
- Lag foto med diplom til kvar spelar
- Fri transport med Ruter (buss, t-bane, trikk og øy båtane) innanfor Oslos grenser heile veka
- Fri tilgang til kommunale utebasseng: Frognerbadet og Tøyenbadet
- Gratis tilgang til dei fleste museer i Oslo
- Gratis minigolf i eit flott anlegg bak Ekeberg Idrettshall
- Tilgang til alle sponsoraktivitetar på Ekebergsletta

Måltider

Frukost vil som vanlig bli servert på skulen. Lunsj og middag blir servert på Ekeberg Idrettshall.

Frukost: Kl. 06.30 – 10.00
Lunsj: 11.30 – 15.00
Middag: 15.30 – 21.00

Vekeprogram

Sjå komplett oversikt over aktivitetar under Norway Cup veka.

Parkering

Det er mulig å nytte parkering ved alle banene som er i bruk under Norway Cup. Vér vennleg å følg anvisning, vakter, skilt, og oppslag. 

Parkeringsavgifta er kr .100,- per dag.

Kampoppsett

Det kan kome endringar i kampoppsettet. Vi ber derfor om at alle lagsleiarar som reiser nedover følgjer med på Norway Cup sine heimesider for evt. endringar.

Kampoppsettet finn man også her:

Turneringsreglement

Turneringsreglement

Banekart

Bileter

Vi håper mange tek bileter løpet av Norway Cup veka og tagger bileta med #hødd på Instagram, så skal vi kan lage til ein bileteserie på heimesida vår etter turneringa er over.

Norway Cup app

Vi anbefalar også alle om å laste ned årets Norway Cup app på mobil/ nettbrett. Her får du siste nytt, kampoppsett, oversikt over måltid og mykje meir.

IL Hødd Fotball ønskjer alle lag, trenarar, spelarar, foreldre og besteforeldre lykke til under årets Norway Cup!

Annonse: