Nevstad gjorde comeback

Og vart dermed førstemann med kampar både for førstelaget, andrelaget og tredjelaget.

Mange har masa på Andrè Nevstad om å spele for det nyoppretta tredjelaget til Hødd. 

Sjølv har han vore avvisande, men etter sterkt press siste tida tok han på seg Hødd-drakta og spelte siste kvarteret i onsdagens 6. divisjonskamp for Hødd 3 på Hareidsmyrane kunstgras. Som enda i 1-3-tap mot Hareid 2.

Den spreke 45-åringen med Hødd-rekorden på 683 A-kampar, står også med to kampar for Hødd 2 før han la opp i 2008. Og no har han også ein kamp for Hødd 3, og utelukkar ikkje vidare spel for tredjelaget i haust.

- Det var artig. Det var kjekke gutar, sjølv om dei er 22-25 år yngre enn meg. Ferdigheeitene til gutane er bra, og så er der sjølvsagt også ein del vi kan bli bedre på, sa Nevstad. 

Annonse: