NEVSTAD GIR SEG I HØDD

Sportssjef Andrè Nevstad har valt å gi seg i klubben etter nesten 30 år, og seier at han føler seg privilegert som har hatt moglegheita til å jobbe med det som er hans store hobby gjennom heile sitt vaksne liv. Det er ikkje noko enkelt val, men handlar i stor grad om at eg føler eit sterkt ansvar for at vi ikkje nådde målet om opprykk, og konsekvensane dette har ført med seg. Andrè vil halde fram som Sportsleg leiar ut april.

Andrè Nevstad er oppteken av å takke etter alle åra i klubben:

- Eg føler meg privilegert som har fått ha hobbyen min som jobb og livsstil i heile mitt vaksne liv. Det har sjølsagt vore både oppturar og nedturar gjennom så mange år, men det som kjenneteiknar Hødd på sitt beste er det sterke samhaldet, fellesskapet, lojaliteten og viljen til å lukkast saman. Dette er viktige verdiar å ta med seg i alt vi gjer når klubben no går inn i 2019, eit år der klubben skal feire sitt 100-års jubileum. Det er viktig for meg å takke alle som eg har fått jobba saman med gjennom alle desse åra, alle fantastiske frivillige, dyktige og gode kollegaer, spelarar, trenarar, leiarar, Blåsarane og alle andre Hødd-vener som har bidrege til at Hødd og Høddvoll er noko heilt spesielt.

Andrè Nevstad er ein bauta i Hødd. Han var mangeårig kaptein på a-laget, har flest kampar i klubben, og vore tilsett i over 25 år og var sportssjef og dagleg leiar då klubben vann cupfinale og spelte Europa-cup. Andrè er også klubbens yngste æresmedlem.

Dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei beklagar at Andrè gir seg:

- Andrè er ein markant person i klubben som sit på stor kunnskap gjennom mange år. Andrè tenkjer Hødd heile tida og og bryr seg om heile klubben. Samstundes så respekterer eg valet Andrè har tatt. Styreleiar Ivar Morten

Normark seier:

-Det står respekt av det Andrè Nevstad har bidrege med over så mange år. Han er framleis ein ung mann og vi ser fram til å forhåpentlegvis nytte oss av hans kompetanse ein gong i framtida.

Alle i Hødd ønskjer å takke så mykje for den enorme innsatsen og alt Andrè har gjort for klubben i alle år.

For meir informasjon kontakt:

Dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei, tlf. 482 59 191
Styreleiar Ivar Morten Normark, tlf. 97 50 14 33
Sportssjef Andrè Nevstad, tlf. 922 22 225
Annonse: