Møteplassen på fredag

Harald og Rafa om sine roller og Sindre om tankar før første treningskamp.

Rekordstort oppmøte på Møteplassen forrige fredag. Vi håper at alle kjem igjen også denne veka, og at nye dukkar opp. Vi startar kl. 11.30. Programmet er noko endra frå det vi presenterte forrige fredag.

Harald Åsland Riise og Rafa Roldan Bermudez er nye i trenarteamet i Hødd sidan sist. Begge skal fortelle om sine roller. I tillegg skal Sindre Eid gi siste nytt, og planar for korleis han angriper første treningskamp mot Spjelkavik som går seinare fredag.

Det blir sjølvsagt også anledning til innspel, diskusjonar og å stille spørsmål.

Hødd stiller som vanlig ein matbit og nytrukken kaffe.

Velkomen til Møteplassen på Høddvoll!

Annonse: