Moltu, Hjelmeseth og Eid har signert nye kontrakter

Moltu, Hjelmeseth og Eid har signert nye kontrakter med Hødd.

Steffen Moltu er klar for ein ny sesong i Hødd etter at han fredag signerte ei ny eittårskontrakt med klubben. Forsvarsbautaen frå Gursken står med 288 kampar i Hødd-drakta og nærmar seg gullklokka (300 kampar).
Robin Hjelmeset som kom tilbake til moderklubben frå Elverum i sommar har signert kontrakt ut 2019-sesongen, mens Daniel Eid har signert ut 2020-sesongen.

Sportssjef André Nevstad seier dette:

«Vi er godt fornøgde med at Steffen, Robin og Daniel har signert nye kontraktar.
Steffen er ein viktig kontinuitetsberar i laget og ein god representant for klubben. Han har vore ein viktig brikke i Hødd-forsvaret over fleire år og blir med si rutine og erfaring ein sentral spelar når vi no bygger eit slagkraftig Hødd-lag inn mot 2018-sesongen»

«Robin som kom «heim» til Hødd i sommar veit kvar målet står, noko han viste til fulle i 2016-sesongen då Elverum rykka opp til OBOS-ligaen med Robin som toppscorar med 19 mål. Vi har tru på at han kan gjere den same jobben her heime i Hødd og Ulsteinvik, noko han jobbar knallhardt for kvar einaste dag på treningsfeltet.

«Daniel fekk sitt gjennombrot i Hødd-drakta i 2017-sesongen med solid og offensivt spel som høgre vingback. Han er fysisk sterk og offensiv i stilen, noko som ofte resulterer i harde og presise innlegg frå høgresida. Daniel er ein av fleire unge lokale spelarar som representerer framtida i Hødd, og som gir oss stor tru på ei ny spanande Hødd-epoke.


Steffen glad for å ha signert på ny for klubben:

«Eg er glad for å ha signert på ny for klubben, og ser fram til å vere med å bygge vidare på slutten av årets sesong og løfte laget og klubben til dei høgder vi skal vere på. Eg vil også ønske alle ei god jul»

Annonse: