MIKKEL BJØRNSTAD KLAR FOR HØDD

Mikkel Bjørnstad signerte måndag ein avtale med Hødd ut 2022.

Mikkel var i fjor tilsett i Arendal Fotball som juniortrenar i 100% stilling, samt bidrag rundt A-laget på feltet og analyse. Han har tatt utdanninga si ved Norges Idrettshøgskule og har ei Mastergrad i idrettspsykologi og coaching med spesialisering i fotball. 

No skal han ta fatt på eit nytt kapittel i trenarkarrieren og blir ein del av trenarteamet til A-lag herrer dei neste tre åra. Her vil han ha ansvar for analysedelen, vere hovudtrenar for rekruttlaget til Hødd og spelarutviklar i Høddskulen. 

I tillegg til jobben i Hødd vil han halde fram som ein videoanalytikarar for J19 landslaget til Norge. 

Mikkel Bjørnstad seier dette i ein kommentar:
- Eg har veldig tru på prosjektet Kevin har starta på, og Hødd er ein klubb eg forbinder med sterkt kultur og flotte tradisjonar, så dette er noko eg verkeleg har lyst til å vere med på. Eg er klar til å bidra med min kompetanse i klubben og har flytta opp for å levere eit ærleg stykke arbeid. Eg ser fram til å vere med å utvikle neste generasjons A-lagsspelarar, samt å bidra som assistenttrenar på A-laget. Min spisskompetanse er nok gjennom analyse, der eg vil ha fokus på å analysere eige lag, samt neste motstandar.
 
Erfaring:
Arendal fotball
JR.trener på 100%, samt bidrag rundt A.laget på feltet og analyse.
januar 2019 – 2020
 

Ass.trener Eidsvold Turn Fotball A.lag
Eidsvold Turn
Ass.trener for Eidsvolds Turns a.lag som ligger i toppen av 3.divisjon.
januar 2017 - 2018

Videoanalytiker J-19
Norge fotballforbund
Med i trenerteamet på J-19 landslaget, med hovedansvar for videoanalyse.
august 2016 - (Nåværende)

Videoanalytiker
Lillestrøm Sportsklubb
Analysesjef for Tippeligalaget til LSK i fotball (Herrer). Oppgavene går ut på å analysere laget sine
kamper, samt forta motstanderanalyse av neste motstander.
Desember 2013 - desember 2016

Ulike engasjementer i Skeid
- Styremedlem Velkommen til fotball (Aldersklassen 4 -7 år) - Ansvarlig 5 åringene på velkommen til
fotball - Årgangskoordinator 11 og 12 år (Aldersklassene 00 – 99) - Kampansvarlig første års 11
(Aldersklassen 98) - Assistenttrener på 96. 1. På 14 og 16 år. - Leder for Skeidakademiet -
Hovedansvarlig på årgangen 99 (14 – 16 år) - Trener Skeid junior elite (17 – 19 år) - Videoanalytiker

Vi ønsker Mikkel velkomen til Hødd!
 

Annonse: