Mbedule klar for Hødd

Kjem på lån heile sesongen frå Sarpsborg 08

Amani Mbedule er klar for Hødd. 20-åringen har 10 kampar for Sarpsborg 08 i Tippeligaen og NM. I tillegg til førstelagskampane i fjor, scora han 21 mål på 17 kampar for rekruttlaget til Tippeliga-klubben.

- Amani har særs spennande kvalitetar. Han har stor fart og er målfarlig, og er ein spelar som vil komplimentere troppa vår på ein flott måte. Han starta kampar i Tippeligaen i fjor i sterk konkurranse i Sarpsborg 08, og det seier litt om kvalitetane hans. I tillegg er han ung og svolten, og hadde veldig lyst til å spele for Hødd, seier sportssjef Andrè Nevstad.  

Amadi er glad for å kome til Hødd og seier følgande:

- Eg veit om mange spelarar som har komt til Hødd og hatt god utvikling, og det er målet mitt også. Eg har høyrt mykje bra om klubben, og er sikker på at eg har tatt det rette valet ved å kome hit.

Kva er styrkene dine som fotballspelar?

Eg har vel ein solid venstrefot, har stor fart og luktar mål, seier spissen.

Annonse: