MARIUS HAGEN GÅR FRÅ HØDD TIL FREDRIKSTAD FK

Hødd sin midtbanespelar Marius Hagen signerte i dag kontrakt med Fredrikstad FK.

Marius kom til Hødd frå Elverum i fjor og hadde ein god sesong på Hødd si midtbane i 2018. Med studiar og sambuar i Oslo meldte behovet for å flytte på seg for nordfjordingen.

Sportssjef André Nevstad beklagar at Marius reiser:

- Marius har i etterkant av sesongen formidla eit sterkt ønske om flytte til Østlandet på grunn av private årsaker, til tross for at han har kontrakt ut 2019-sesongen. Vi har prøvd å legge til rette for at Marius skulle bli med oss vidare, men det lot seg ikkje gjere. Etter ei totalvurdering, vart derfor konklusjonen at dette er den beste og einaste løysinga.

Marius synes :

- Det er vemodig å reise frå nydelige Ulsteinvik. Har hatt eit supert år saman med flotte folk. Stort å bli kåra til årets blåsar av flotte supportarar, og kome med på årets lag i divisjonen. Eg har gjort alt eg kan i kvar kamp, og føler eg har gjort ein fin figur på banen og elles i Ulsteinvik. Å kombinere masterstudier og kjæraste i Oslo er ikkje enkelt med å bu i Ulsteinvik. Hødd er eit lag eg har fulgt tett sidan eg var liten, og det vil alltid ha ein spesiell plass i mitt hjarte. Håper Hødd får ein super sesong. Det fortener spelarane, sponsorane og ikkje minst Blåsarane.

Marius spela 24 obligatoriske kampar og scora to mål for Hødd sitt a-lag i 2018.

Vi vil takke Marius for innsatsen i Hødd-drakta og ønskjer han lukke til vidare.

Annonse: