Luc Jeggo klar for Hødd!

Midtbanespelaren har signert ein avtale ut året med Hødd.

Luc Jeggo er oppvaksen i Australia og har gått gjennom akademisystemet til Melbourne Victory som er ein av dei største klubbane i Australia. Han kjem no til Hødd frå det øverste nivået på Færøyane der han har spelt for Tvøroyrar Bóltfelag i vår. Før det har han tre sesongar bak seg i Norge, der han i 2016 rykka opp frå Post Nord-ligaen til OBOS-ligaen med Florø. I 2017 og 2018 spelte han totalt 45 kampar for Florø i OBOS-ligaen, før vegen gjekk til Færøyane og Tvøroyrar Bóltfelag vinteren 2019. 

"Luc er ein midtbanespelar med gode kvalitetar - på mange måtar ein boks-til-boks-spelar. Han er løpssterk, godt trent, taklingssterk og derav gode ballvinnareigenskaper. I tillegg har han ein god høgrefot som vi trur vil vere nyttig for oss og han er flink til å fylle opp boksen i angrep. Vi er glade for at han no vert Hødd-spelar", seier trenar Sander Nyland i ein kommentar. 

Luc seier følgande i sin kommentar etter å ha signert for Hødd: 

"Eg kjenner godt til klubben og den stolte historia frå før.  No ser eg fram til å bli ein del av ein flott klubb og bidra på bana til at vi tar fleire poeng. Eg gledar meg til å kome i gang!".

Vi ønsker Luc velkomen til HØDD!

Annonse: