Lokale unggutar vert med vidare

Lokale unggutar vert med vidare utover junioralder.

Dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei er glad for å informere om at Håkon Botn Brautaset, Isak Skare Haanes, Aleksander Rekdal, Daniel Skare Haanes, og Sveinung Tilset har no i haust takka ja til å fortsette i Hødd utover endt junioralder.

Alle disse gutane er frå Ulsteinvik eller lokalområdet rundt oss, og har prestert godt for Hødd over mange år. No i år har dei først og fremst spelt på Hødd sitt seniorlag i 4. divisjon (Hødd2), men dei har tidvis hospitert med A-laget og fleire av dei har også vore i A-lags troppa ved eit eller fleire høve, og Håkon og Isak har også fått speletid i Post-Nord ligaen for Hødd i år.

I perioda som fungerande sportssjef jobba Andre Skotheim med å få på plass ein slik modell i klubben og Skotheim seier at han håpar og trur at nokre av disse skal bli viktige for Hødd i åra framover. Ein av dei har alt avgjort ein seriekamp for Hødd sitt a-lag då Håkon Brautaset kom inn frå innbytarbenken og blei matchvinnar mot Vindbjart. I tillegg har jamaldringane Bendik Rise, Eirik F. Saunes og Daniel Eid vist veg for desse gjennom sine prestasjonar på A-laget i år. Skotheim presiserer at det er mange unge, spennande juniorspelarar i klubben som vi har store forhåpningar til og vi håpar at fleire av dei vil banke sterkt på A-lagsdøra i tida framover.

Situasjonen Hødd i dag kan på mange måtar likne på situasjonen klubben var i for 8-10 år sidan. Då rykte vi ned til 2. divisjon samstundes som vi hadde eit uvanleg godt juniorlag. Klubben la ein plan om at vi skulle bruke litt tid på å rykke oppatt til OBOS, tre år om nødvendig, og vi skulle våge å løfte fram og satse på mange av våre juniorspelarar som en del av denne planen. Dette kombinert med spelarar på høgt nivå som vi skulle hente utanfrå. Den gongen rykte vi opp andre året, fleire enn ti frå juniorstallen kom på A-laget etter kvart, og vi presterte godt i serie og cup med denne gjengen over ei lang periode. Fleire spelar no på høgare nivå og nokre er framleis i klubben.

I 2016 arbeidde klubben, saman med Norsk Toppfotballsenter, med ein modell for spelarlogistikk. Styret har i vår beslutta å implementere ein modell som gir ei sterk føring på at klubben skal satse på mixen av eigne unge og lovande, lokale/regionale seniorar med erfaring frå Norsk Toppfotball, samt spelarar som er openberre val i sin posisjon og som «sikar» kvalitet og nivå sentralt i laget. Dei sistnemnde kan gjerne vere henta eksternt og då nasjonalt eller internasjonalt. Med dette so understrekar vi ei retning om at vi ønsker oss tilbake til Norsk Toppfotball og at dette skal vere gjennom ein mix av «eksterne» spelarar og lokale, ambisiøse og lovande gutar, og at styret og administrasjonen i klubben ønsker ein sterkare lokal profil sidan vi no har ein unik sjanse til å bygge eit nytt fundament  med mange av våre eigne; mykje ala det vi gjorde for 8-10 år sidan. Denne delen av modellen for spelarlogistikk kallar vi for «formuesforvatninga» vår, og denne modellen skal vi rullere år for år framover der vi gjer slike vurderingar for våre siste års juniorar. Det er viktig å understreke at dette ikkje er til hinder for at rekruttspelarar sjølvsagt kan bli løfta permanent opp i A-stallen uavhengig av alder dersom vi finn det rett.

I 2018 vil vi ha seniorlag i både 2. og 3. divisjon og vi er glade for at disse lokale unggutane no har signert kontrakt med Hødd og vert med oss også i 2018. A-trenar Sindre Eid og rekruttrenar Sander Nyland Håskjold seier dei gler seg til få jobbe vidare med å utvikle disse karane i tida framover. No ved oppstarten av førebuingane til 2018 sesongen vil gutane inngå i rekruttstallen, men jamleg hospitere med a-laget, avsluttar Skotheim. 

For ordens skuld presiserer vi at styreleiar Håvard Haanes stiller seg bak klubben sin modell for spelarlogistikk, men har meldt seg inhabil i saka elles inkl. sport sitt val av spelarar i og med at han har gutar som er aktive på juniornivå i klubben. 

Eventuelle spørsmål kan rettast til dagleg leiar Oddmund Otterlei på 48259191

Annonse: