Knepent tap mot KFUM2

Søndag reise Hødd 2 til Oslo og KFUM Arena for bortekamp mot KFUM 2. Det enda med eit knepent 3-2-tap.

Det var heimelaget som hadde initiativet i starten på kampen, men Hødd forsvarte seg godt og KFUM sleit med å skape målsjansar. Etter kvart som kampen gjekk sin gang kom Hødd meir med i det offensive spelet, og klarte i større grad enn tidleg i kampen å ta vare på ballen. Etter 25. minutt gjekk Hødd opp i leiinga 1-0 ved Joachim Osvold. Spissen stanga ballen utagbart i mål etter eit strøkent innlegg av Preben Sætre. Etter scoringa var kampbildet omlag det samme - KFUM hadde ballen mest, men Hødd forsvarte seg godt og slapp ikkje gjestane til ein einaste målsjans. 0-1 stod seg til pause. 

I andre omgang endra kampbildet seg litt. Hødd forsvarte seg fortsatt godt og KFUM ønska å ha ballen mykje. Men dei blåkvite evna å ta vare på ballen i større grad - spesielt innledningsvis på 2. omgang. Initiativet var meir hos Hødd i starten på omgangen, og det førte til at Joachim Osvold sette inn 2-0 i det 49. speleminutt, etter at han vendte vekk eit par KFUM-spelarar. Ei flott scoring!

Ut over andre omgang tok KFUM over initiativet igjen, men som i første omgang sleit heimelaget med å skape målsjansar. Det måtte eit straffespark til for at reduseringa skulle komme. Erik Jonvik sette straffesparket sikkert i mål til 1-2, og det vart plutselig kamp igjen. KFUM fekk meir trua på siger, medan Hødd blei meir utrygge. Dette gjor at KFUM i større grad enn tidlegare i kampen evna å omsette ballinnehavet til målsjansar - Hødd vart stressa av reduseringa - og etter 76. minutt var utlikninga eit faktum. Juba Moula curla ballen i lengste kryss frå 18-20 meter. Få minutt seinare gjekk heimelaget opp i leiinga 3-2 ved Tore Andrè Sørås etter flotte kombinasjonar av heimelaget. 

Etter 3-2 scoringa jaga Hødd for ei utligning, men trass i nokre farligheiter på dødball evna ikkje gjestane å sette nok trykk på KFUM mot slutten. Dermed blei det denne gongen eit 3-2 for Hødd 2. 

Hødd 2: Benjamin Boujar, Preben Sætre, Jesper Tornqvist, Håkon Thormodsæter, Johannes Sundgot (Gustav Dimmen, 45 minutt), Petter Haddal Worren (Ola Heltne Nilsen, 29 minutt), Bam Hide, Håkon Brautaset, Bastian Rasmussen, Robin Hjelmeseth, Joachim Osvold.

Joakim Ulstein, Kristian Vatsaas, Gustav Dimmen, Ola Heltne Nilsen. 

"Vi har full kontroll i store delar av kampen. Dei har knapt ein målsjanse før straffesparket. Etter reduseringa blir vi passive og ukonsentrerte i forsvarsspelet, og vi tilbyr oss mindre når vi har ballen. Det utnytta KFUM og scora to mål til på to sjansar, og kampen var snudd. Veldig surt, for vi gjer ein god prestasjon lenge", seier Sander Nyland i ein kommentar. 

Annonse: