KNALLSTERK BORTESIGER

Hødd tok årets første 3 poengar borte mot Eidsvold TF når laget vann heile 1-5 på Myhrer stadion!

Hødd hadde berre tatt 1 poeng borte så langt i sesongen før dagens kamp, men reiste til Eidsvold med ei solid dose sjølvtillit og tru etter to gode heimekampar på Høddvoll. Laget fortsette den gode trenden, spelte ein god kamp, og skora heile 5 mål på bortebane! Ein knallsterk bortesiger over Eidsvold TF!

Hødd tok først leiinga etter ei flott skoring av Robin Hjelmeseth. Heimelaget kjempa seg inn igjen i kampen etter dette og utlikna til 1-1 knappe 10 min seinare. Ikkje lenge etter skulle det bli Hødd som var frampå igjen og satte inn 1-2 rett før pause. Målskorar her var Eirik Franke Saunes. Dette var også resultatet til pause.

Tidleg i andre omgang auka Hødd leiinga til 1-3 på straffe etter skoring av Robin Hjelmeseth. Eidsvold TF prøvde å kome tilbake i kampen, men Hødd er som tidlegare i år vanskelege å bryte ned. I staden var det Hødd som skulle få uttelling igjen. Kort tid etter Elias Hoff Melkersen vart bytta inn skulle han få sin første sjanse og med ei klinisk avsluting på mål, så satte han inn 1-4 til Hødd. Same mann satte inn sluttresultatet til 1-5 etter eit frekt frisparkforsøk av Hødd i sluttminutta. 

Hødd var nok ein gong solide bakover i store delar av kampen og kunne med litt meir hell skora både 2-3 mål til i dagens kamp. Ein knallsterk og solid bortesiger!

Vi gratulerer laget med årets første 3 poengar og ynskjer dei god tur heim til Ulsteinvik!

Annonse: