KLEVEN MED SOM HOVEDSPONSOR OGSÅ I 2019

Hødd Fotball og Kleven Verft signerte i dag avtalen som gjer at Kleven vert med som hovedsponsor også i 2019.

Avtalen vart signert på Kleven Verft i dag og betyr mykje for Hødd i arbeidet med å leggje til rette for vidare satsing både i topp- og breiddefotballen.

- Kleven er og har vore ein svært viktig samarbeidspartnar i mange år og vi i Hødd er svært takknemlege og glade for at dei blir med vidare som hovudsponsor. Det viser at dei ser på vår rolle som samfunnsaktør som viktig i lokalmiljøet og bidreg til at vi klare å halde oppe nivået på den stadig aukande aktiviteten vi har på Høddvoll, seier dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei.

Kleven er også nøgde med at kontrakten er signert og konserndirektør Olav Nakken ser fram til at Hødd sine unge og litt eldre spelarar også neste sesong skal spele fotball med Kleven-namnet på ryggen.

- Sjølv med forhaldsvis kort fartstid i Ulsteinvik så har eg fått med meg at Hødd er viktig for svært mange.

- Vi i Kleven er opptatt av at regionen skal ha eit rikt og godt idretts- og kulturliv som gir trivsel for alle. At Hødd satsar stort på breddeaktivitetar for alle aldersgrupper er flott! Vi ynskjer lukke til med 2019 sesongen.

Nøgde karar på biletet under signeringa av avtalen mellom Hødd Fotball og Kleven. Frå venstre Oddmund Davik Otterlei, Olav Nakken og Mads André Værnes.

Vi i Hødd Fotball takkar for avtalen med Kleven og ser fram i mot godt samarbeid vidare!

Annonse: