KIL/Hemne - Hødd

Laurdag spelar Hødd damelag borte mot KIL/Hemne på Hemne Sparebank Arena. Kampstart er kl. 13:00!

Laurdag 1. Juni møter vi laget som ligg på ein 3.plass med to poeng meir og ein kamp mindre spelt enn oss. Hødd har hatt ein bra start på sesongen etter to sigrar, ein uavgjort og to tap. Med siger mot KIL/Hemne vil vi klatre forbi dei på tabellen.
 
Laget set seg på bussen allereie fredag føremiddag og køyrar til Trondheim og skal bu på Lerkendal. I morgon køyrer dei tilbake til Kyrksæterøra for å spele kampen. Vi har teke oss ein prat med kaptein Ragnhild Ertesvåg før kampen. Kampen laurdag vert vell ei fin utfordring mot ei motstandar som ligg over oss på tabellen?
 
- Kampen blir ei fin men tøff utfordring, men vi skal gå ut i 100 og trøkke til frå fløyta går. Vi har hatt tre tøffe kampar på rad (Trondheims-Ørn2, Fortuna og Molde) og eg trur KIL/Hemne stiller omtrent på lik linje med dei. Vi hadde ei god serieopning, men har no tapt nokre kampar på rad. Håper og trur at dette skal snu i morgon!
 
Troppa har satt seg og vi har fått nokre nye fjes i forhold til fjoråret, korleis er samhaldet i gruppa?
 
- Samhaldet og stemninga i gruppa er god. Vi har fått trent godt med ein stabil spelarstall og ser at vi til tider ikkje er så langt unna dei beste laga. Dette motiverer oss til å gi alt for kvarandre både på trening og i kamp. Dei nyaste spelarane har kome godt inn i gruppa og vi er glade for å ha dei med på laget!
Vi satsar på at det blir ein god kamp i helga, og at vi kjem heim med poeng (helst tre!)
 
Vi ynskjer damelaget god tur og lykke til oppover og håpar på 3 poeng!
 
Annonse: