Kampreferat: Hødd – Vard Haugesund

Tross stort ballinnhav og store målsjansar enda kampen 0-0 mot Vard Haugesund.

Etter ein knallsterk siger borte mot Stjørdals-Blink i første serierunde var det knyta store forventningar foran årets første heimekamp mot Vard Haugesund.

1.omgang

Hødd starta første omgang med å trykke Vard Haugesund bakover i bana og heimelaget produserte den eine store sjansen etter den andre utan at det resulterte i skoring. 

Etter ein omgang med stor Hødd-dominans gjekk laga til pause med stillinga 0-0. 

2.omgang

I starten av andre omgang var det jamnare mellom laga utan dei store sjansane til verken Hødd eller Vard Haugesund. 

Utover i omgangen tok Hødd meir og meir over spelet og var farleg nær skoring ved fleire høve.

Bortelaget forsvarte seg godt og kunne fort skapt trøbbel etter kontring, men godt forsvarsspel hindra mål til bortelaget.

Kampen enda til slutt med 0-0 og poengdeling.

Kampoppsummering

Ved litt meir effektivitet foran målet til motstandaren kunne Hødd skora fleire mål i årets første heimekamp.

Sjølv om vi er skuffa over resultatet i dag, kan vi ta med oss at Hødd nok ein gong held nullen bakover og samtidig produserer fleire store kvalifiserte målsjansar. Det lover godt i kampane som kjem!

Videohøgdepunkt frå kampen kjem søndag.

HEIA HØDD!

Annonse: