JUBILEUMSGÅVE FRÅ SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Sparebank 1 Søre Sunnmøre gir 1,25 millionar kroner til skifte av kunstgrasdekke på Høddvoll. FOTO: ANDREAS STEINNES BJERKNES, VIKEBLADET VESTPOSTEN

Kunstgrasbana på Høddvoll har dei siste åra vore svært nedslitt. Dekket har vore så dårleg at bana i verste fall kunne blitt stengt av til trening og dette ville gått utover alle aktive barn og unge som brukar bana til dagleg.

Vikebladet tok opp denne problemstillinga i september i 2018 i saman med Per Arve Moldskred som har ansvar for den daglege drifta på anlegget. Les saka her (pluss sak).

Måndag kom gladnyheita når Hødd Fotball mottok 1,25 millionar i jubileumsgåve frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Til Vikebladet seier Stig Brautaset, administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre dette:

– Det treff rett inn i det som vi er opptekne av. At barn og unge skal ha gode oppvekstvilkår. Det var eit utruleg godt formål og når du snakkar om 550 jenter og gutar som brukar denne banen, så ville det vere ein katastrofe om ein måtte byrje å stenge den ned eller avgrense bruken, slår Brautaset fast.

Utruleg takksame for denne generøse gåva

- Vi er utruleg takksame for denne generøse gåva. Den saman med ei venta gåve frå Sparebanken Møre gir oss muligheiter til å skifte ut kunstgraset i 2019. Denne bana er hjartet i aktiviteten i klubben og viktig for heile Ulsteinvik. Såleis viser også Sparebank 1 eit svært stort engasjement for lokalsamfunnet med denne gåva, seier Dagleg leiar i Hødd Fotball, Oddmund Davik Otterlei. 

Til sommaren blir det derfor skifte til nytt kunstgrasdekke med svært god hjelp frå dei to lokale bankane Sparebanken Møre og Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Resten av prosjektet vil bli finansiert via tippemidlar. 

Annonse: