Jonas Mathiesen klar for Hødd

Har signert kontrakt ut vårsesongen

Som kjent fikk Hødd-keeper Jan-Lennart Urke ein brotskade i handa i starten av januar, og vil vere ute nokre månadar. Jonas Mathiesen som har spela for Rollon dei siste sesongane har trena med Hødd dei siste vekene, og det er no klart at han blir Hødd-spelar. Jonas har signert ei kontrakt fram til 15. juli.  

Jonas er 24 år, kjem frå Ålesund og er son til den tidlegare ÅFK-keeperen, Frank Mathiesen. Han har også spelt for Aksla (moderklubb) og Skarbøvik. Til dagleg studerer han ved høgskulen i Volda.  

Vi ønskjer Jonas velkomen til Hødd, og takkar samtidig Rollon for den gode dialogen vi har hatt i forbindelse med overgangen.

Annonse: