Jesper om dame/-jentefotballen

Vi har tatt oss ein prat med utviklingsleiar for dame og jentefotballen i Hødd, Jesper Törnqvist om 2017 sesongen og vegen vidare.

Vi har tatt oss ein prat med utviklingsleiar for dame og jentefotballen i Hødd, Jesper Törnqvist om 2017 sesongen og vegen vidare.

Kort oppsummering av 2017-sesongen

- Vi har hatt ein fin sesong med stor aktivitet og med mange jenter som har fått spele mykje fotball. 3 divisjons-laget spelte kvalik til 2 divisjon for nokre veker sidan, men dessverre tapte vi denne kvaliken. Rekruttlaget som spelar i 4 divisjon gav også Hareid matching heilt fram til målstreken om opprykk, men Hareid haldt heilt inn og vann til slutt divisjonen. 

- J16 og J14 har spelt kampar der dei både har vunne og tapt, akkurat som vi ønskjer. Jamne kampar er viktig for å utvikle enda fleire spelarar for damelaget. 

- I dei yngre klassene har vi hatt strålande aktivitet og har kome i gang med skuleringsplanen frå Høddskulen og alt det inneberer. 

Hødd Ekstra jenter 13-15år
Hødd Ekstra jenter 13-15år

- Det har også blitt gjennomført hospitering løpet av sesongen der jentene har fått spelt og trena på det nivået dei er i utviklingsfasen. 

- Hødd Ekstra for jenter har også blitt eit populært tilbod der vi i dag har med 24 jenter med på 13-15år og 19 jenter med på 6-12-års tilbodet, noko som vi synst er fantastisk. Her får dei ivrigaste jentene ei ekstra økt i lag med likesinna. 

Kva fase er damefotballen i akkurat no?

- Akkurat no er vi i ein mellomfase der vi evaluerer 2017 sesongen, og ser på moglegheitene og kabalen til 2018 sesongen. Eg jobbar no med å få ei oversikt over kva som var bra og kva som var mindre bra i 2017 og korleis vi kan gjere ting betre i 2018. Dei fleste laga er i aktivitet, utanom damelaget og rekrutt som startar opp igjen onsdag i neste veke.

- J16 førebur seg for futsal medan dei andre laga har sin fotballaktivitet på kunstgrasdekket. 

- Vi jobbar også med å få på plass kabalen for 2018 og vi kjem derfor til å invitere til eit informasjonsmøte innan kort tid. Trenarteam og treningsgrupper må settast i hop slik vi får kome i gang med 2018 sesongen siste veka i november. Deretter tenker eg at dei fleste lag trenar ei lita periode før vi samlar litt energi i jula. Det er også planlagt at laga startar opp igjen med fotballaktiviteten første veka i januar. 

- Hødd Ekstra for hausten vil halde fram til midten av desember.

Kva jentegrupper får vi neste sesong?

Marte Aarsand Vik og Therese Holstad (Damelaget)
Marte Aarsand Vik og Therese Holstad (Damelaget)

- Korleis gruppene blir til neste år er ikkje heilt klart enda, men vi ser på ein liknande mal som i år med dei yngste laga for seg sjølv, ei J14 gruppe, ei J16 (J15) gruppe, eit rekruttlag (4 div) og eit lag i 3 div. Dette er utgangspunktet, men vi evaluerer som sagt enda 2017 sesongen, så alt er derfor ikkje heilt spikra. 

Korleis jobbar dokke framover for å få eit kjempegodt opplegg for jentene i 2018? 

- For det første er det viktig at vi får på plass eit godt treningsmiljø for alle jentene. Gode trenarar og leiarar må vi også ha på plass og heldigvis har vi mange i klubben med bra fotballkompetanse og vi håper sjølvsagt fleire av desse ønskjer å bidra. Deretter er jobben å forsøke å sjå kvart individ, kor den enkelte passar inn i utviklingsstigen (nivå) og treningsmiljø. Det er viktig at dei opplever utvikling og meistring i trening og kamp. Fotball skal først og fremst vere gøy og det får vi gjennom skape gode grupper og eit godt treningsmiljø. Då kjem resultata på sikt. 

Tusen takk for i år!

- Spelarane brukar no tida som er tilgjengeleg til å trene på utviklingsmål som ein må bli betre på inn mot neste sesong. Trenarar/ leiarar og foreldre sin innsats er heilt avgjerande for at jentene skal få eit godt tilbod.

- Til slutt vil eg takke alle som har bidrege i 2017! 

Om det er spørsmål, kritikk/ ros eller noko anna, så ta kontakt! 
Send e-post til [email protected] eller på telefon 47 20 00 04.

Med fotballhelsing
Jesper Törnqvist 
Utviklingsleiar Dame og Jentefotball IL Hødd

Annonse: