JESPER: - DET HAR VÅRE VELDIG KJEKT

Hødd Fotball starta opp med trening for årets 6 årskull i førre veke og etter to treningar kan vi seie at dette har våre ein suksess!

Vi har tatt oss ein prat med Sportsjef for breidde, Jesper Törnqvist etter oppstart av 6 årskullet i førre veke.

Hødd Fotball starta opp med trening for årets 6 årskull i førre veke og heile 35 spelarar har delteke på dei to første treningane. Korleis vil du oppsummere dei to første treningane og har dette våre ein suksess?

- Det har våre veldig kjekt for både spelarar og leiarar. Mykje nytt for mange, men vi lærar av kvarandre kvar gong. 

Det er lett å vere litt nervøs og veldig spent når ein skal delta på si første organiserte trening. Har dette gått fint?

- Trenarane har våre flinke til å kome ned på barna sitt nivå samtidig som vi har hatt organiseringa i orden. Det å møte barna på deira nivå tek vekk ein del av spenninga. Mykje smil og fotballglede gjer at spenninga forsvinn undervegs i økta.

Korleis har Hødd Fotball organisert treningane til no og korleis er det tenkt framover?

- Vi jobbar framleis med å få på plass nokon fleire trenarar/lagleiarar slik at vi kan gi best mogleg oppfølging til alle og håpar derfor at fleire melder seg. Vi treng mange ulike kompetansar i barnefotballen, og dersom ein ynskjer å bidra, så finn vi ei rolle ein passa til. 
Framover blir det treningar onsdagar klokka 17-18 med oppmøte 17.00 og økt start 17.10. 

Om det er fleire 6-åringar som ynskjer å prøve seg på ei fotballtrening, så kan dei vel møte opp for å prøve, evt. ta kontakt med deg for meir informasjon? 

- Sjølvsagt! Vi har plass til mange fleire! Spesielt jenter! Bli med på fotballglede i Hødd!
 

Annonse: