Jan-Lennart Urke på utlån til AaFK

Jan-Lennart Urke blir utlånt til AaFK ut sesongen 2017 med opsjon for kjøp. Han blir AaFK-spelar frå 10.08.2017.

Jan-Lennart Urke blir utlånt til AaFK ut sesongen 2017 med opsjon for kjøp. Han blir AaFK-spelar frå 10.08.2017. Jan-Lennart har spelt for Hødd frå tidleg alder og har vore ein svært god representant for Hødd over fleire år. Frå 2016-sesongen etablerte han seg som førstekeeper i Hødd og har gjort ein god jobb mellom stengene dei siste to åra.

No ventar nye utfordringar for Jan-Lennart i AaFK og Eliteserien.

Fungerande Sportssjef Andrè Skotheim seier dette:

«Jan-Lennart har vore med i Hødd over fleire år og får no sjansen til å vise seg fram på eit høgre nivå i Norge. Etter gode prestasjonar det siste året har det vore interesse rundt Hødd sin førstekeeper den siste tida. Det har vore god dialog med AaFK sine representantar og Jan-Lennart som no søker nye utfordringar. At nok ein keeper frå Hødd er aktuell for Eliteserien viser at det blir jobba godt på keepersida i klubben».

«Hødd står no med to gode keeperar igjen i A-stallen, men vi er svært trygge på at begge to vil pushe kvarandre i treningskvardagen i tida framover. Ole Monrad som har fått sjansen den siste tida har utført jobben mellom stengene på ein svært god måte».


Spørsmål kan rettast til fungerande Sportssjef Andre Skotheim på telefon 48 01 79 09.


Ulsteinvik 10.08.2017

Annonse: