Captains corner!

Før storkampen mot skeid tok vi ein prat med kapteinen, bautaen, klippa i forsvaret og laget, mannen som blir holdt fast på kvar dødball i kvar ein einaste kamp uten å få straffe.

Steffen, korleis er stemninga i troppa før søndagens storkamp mot Skeid?

Stemninga har vore god heile veka etter ein opptur i Arendal sist helg. Der fekk vi endelig vist fram litt av det vi veit vi har I oss, etter ei dårlig periode. Treningsveka he vore god, so det blir siste finpuss laurdag morgen, før alt fokus rettast inn mot søndag kl 18.00!

Tenker dokke at kampen om 1 plassen er kjørt no?

Avdelingsseieren har nok Skeid eit par knappa i no. Eg trur uansett etter den dårlige perioda vi he hatt, so handla det meir om å tenke på oss sjøl. Vi må jobbe med kva vi må gjere for å gjenskape dei gode prestasjonane frå forrige kamp, og for å prestere i dei siste 4 kampane. So får fasiten i slutten av oktober vise kven som vinn avdelinga.

Føler du at folk i Ulsteinvik ventar for mykje når dei nærmast krev opprykk av dette hødd laget? Det var ingen ekspertar eller bookmakera som ga hødd store sjangsane før sesongen, so har dokke egentlig levert «over evne», eller betre enn kva ein kunne vente?

Heilt ærleg spelar det lita rolle kva ekspertane meinar, men vi va sjøl ganske klar på kva vi ville oppnå i sesongen. At det e forventninga også rundt oss kan eg forstå, sjølv om vi fortsatt bygge på et nytt å ganske ungt å lokalt lag. Ut fra eigne målsetninga he vi vel ikkje levert heilt som forventa, men fram til for 4-5 veke sida hadde vi ein veldig solid statistikk! Personlig synst eg vi he levert ein bra sesong, men ikkje alltid klart å kjempe marginane på vår side

Får vi sjå eit hødd lag som går rett I strupen på skeid? Lovar du blod, slit og svette til dei som tek turen på toppkampen søndag kveld?

Eg lovar at vi skal vere offansive å framme i skoa, blod, slit å svette må ligge til grunn skal ein vinne fotballkampa! So håpar eg vi også kan vise mykje positivt me ball, skape mykje farligheiter å helst score meir mål en motstanderen!

So avslutta Steffen med denne “talen”: 😊

Som ein som he våre i Hødd noken år vil ej berre sei (uten å snakke for masse om fortida), at vi hadde aldri vunne hverken semifinale eller cupfinale i 2012 uten ein blå vegg i ryggen som ropte oss opp å fram å backa oss uansett! Vår 12mann.


Ønska alle ein strålande match på søndag, i flomlys å passelig fint vær!

Annonse: