Intervju med Sindre før Brattvåg kampen!

Eg tok ein prat med Sindre på fredag, før helgas kamp mot Brattvåg. Eg håpte å få litt svar på kor det ligg an med laget etter ein liten formvikt i det siste.

Ja, sindre korleis er stemninga i laget, etter ei formsvikt siste kampane?

Sindre: Resultat pregar alltid fotballspelara, men vi prøvar å riste det av oss første dagen etter kamp, så går vi vidare, og ser mot neste kamp. Ingeting anna en kan gjere. Spelarane og trenarteamet e minst like skuffa over resultat og prestasjon sist som publikum. Men elles e stemninga i leiren god.

Noken tilbake frå skade?

Sindre: Nei, marius kan kanskje vere klar til neste helg, og isak skotheim er ute. Jan lennart er tilbake i trening med laget.

Korleis skal vi slå brattvåg, som har 6 seiera på 7 siste kampane?

Sindre: Brattvåg er utan tvil eit formlag, og dei har også forsterka mykje i sommar, det har dessverre ikkje vi kunne gjort. Men Hødd skal fortsatt vere eit betre lag, men vi må finne tilbake til toppforma. Alle gledar seg til kamp, og om en ser postitivt på situasjonen, er vi fortsatt berre 2p bak Skeid og har alt i våre hender.

Det blir regn og vind og utfordrande ver på søndag, kva får folk sjå om dei kjem på kamp?

Sindre: Topp lokalt oppgjer, flomlys kamp og eit heiltent heimelag som skal gi alt for å slå tilbake!

Då ønsker vi berre sindre og laget lykke til i kveld! Heia hødd!

Annonse: