Informasjon om parkering

Informasjon om parkering i området Ulsteinhallen, Høddvoll og Ulsmohallen.

Det er stor trafikk på kveldstid i området Ulsteinhallen og Høddvoll. Vi vil derfor minne om at her er oppmerka parkeringsplassar, og at berre desse skal nyttast. Er der ikkje ledig parkering, må ein ta beina fatt å parkere litt lenger unna!

Det vil seie at all parkering utanom oppmerka parkeringsplassar ikkje må skje. Dette gjeld også bakken mellom Høddvollhuset/ Ulsteinhallen og nedsida av Ulsmohallen. 

Parkering på handicapparkering utan gyldig bevis er heller ikkje lov.

I tillegg er det også viktig å huske på at det til ei kvar tid må vere god framkomst til utrykkingskøyretøy.

Fint om alle kan informere dette til lagleiarar, trenarar, utøvarar og foreldre.

Annonse: