INFORMASJON FRÅ HØDD - CORONA-VIRUSET

Dette gjer vi i Hødd for å unngå smitte av Corona-viruset.

Hødd Fotball følger retningslinjene og råd som til ei kvar tid blir gitt av Folkehelseinstituttet. Vi har i tillegg tett dialog med smittevernslegen og kommuneoverlegen i Ulstein Kommune.

Vedr Corona-viruset, så gjer vi dette i Hødd Fotball for å unngå smitte.

SPORT
  • All breiddeaktivitet i Hødd ut april blir stoppa. Det betyr at treningar, kampar og andre fotballarrangement blir avlyst. Dette gjeld i heile Norge! Les meir om dette her!
  • Anlegget blir stengt for all aktivitet, også eigentrening. Høddvoll, KGB og Ulsmohallen vil derfor bli stengt for trening.
  • Eige skriv for kva som skjer med PostNord-ligaen kjem måndag.
ADMINISTRASJON
  • Høddvollhuset vil bli låst av og stengt.
  • Administrasjonen vil vere på jobb, men vi ber om at all kommunikasjon går via telefon eller e-post. Dersom noko hastar, eller du må innom Høddvollhuset, så ring på forhånd for å avtale tid.
  • Har du avtalt eit tidspunkt og skal innom Høddvollhuset, så skal du innom toalettet å vaske henda først. I tillegg skal du nytte antibac som står i gangen etter håndvask. Viktig at dette blir gjort!
Hødd Fotball vil kome med meir informasjon på eit seinare tidspunkt!
 
Følg også med på utviklinga til Corona-viruset her:
https://www.fhi.no/
https://helsenorge.no/
http://ulsteinlegesenter.no/
 
Sjå også informasjonsvideoen som er laga til barn og unge om corona-viruset:
Vi oppmoda også om å ha god hand- og hostehygiene.

 

 

 

 

Annonse: