Informasjon Dansegalla

Laurdag byr Ole Ivars og Bjørns Orkester opp til dans! For meir informasjon om helga, sjå her!

Billettinformasjon

Prisen for å kjøpe seg billett til arrangementet er kr. 375,- pr. person. Aldersgrense 18 år. 

Husk å vise billett ved inngangen dersom du har kjøpt billett via vårt billettsystem på nett. Vi har også ei liste med oversikt over kven som har kjøpt på nett dersom du ikkje fekk printa ut billetten. 

Det blir også mogleg å kjøpe billett i døra. Her kan du betale med kort, kontant eller Vipps. 

Dørene opnar kl. 19:30!

Bobilparkering

Ta kontakt i god tid før dansen dersom du har kjøpt bobilparkering slik vi får avtalt når du kjem til Høddvoll. Parkeringsplassen utanfor Høddvollhuset vert reservert for bobilparkering.

Dei som har bobil vil også få moglegheita til å nytte to garderober på klubbhuset. Desse vil verte merka med dame og herre.

Mat og drikke

Under arrangementet blir det salg av bongar. Desse får du kjøpt ved inngangen til Ulsteinhallen. For å kjøpe drikke eller snacks i baren må du nytte desse. Dette skal bidra til at du ikkje blir ståande i lang kø når du handlar. 

Det blir også kiosk under arrangementet. Denne finn du rett utanfor hovudinngangen til Ulsteinhallen. Her blir der salg av pizza, brus, pølse m/ brød og mykje anna godt. Her kan du betale med kort, kontant eller Vipps. 

Toalettfasilitetar

Ulsteinhallen og Høddvoll stadion har svært gode toalettfasilitetar som du kan nytte under arrangementet. Følg skiltinga til toaletta.

Velkomen til Høddvoll

Vi ønskjer alle gjestar hjerteleg velkomne til Høddvoll og Ulsteinhallen til dans laurdag 20. oktober. Det blir ein kveld med stort folkeliv, god musikk og dans!

Annonse: