IAN BURCHNALL INN SOM TRENAR I IL HØDD FOTBALL

Engelskmannen Ian Burchnall og Hødd har vorte einige om eit vikaropphald for Ian i Ulsteinvik i 10. – 24. juni. Dette vil i hovedsak vere som erstatning for Sander Håskjold Nyland, som vert borte ei periode etter ein operasjon. FOTO: CARINA JOHANSEN/NTB SCANPIX

Ian Burchnall skal ha hovedfokus inn som Sindre Eid sin assistent på a-laget, samstundes er han svært interessert i å nytte mykje tid på feltet på alle nivå. Såleis håper klubben at mange kan dra nyttige av hans kunnskapar.

Den sympatiske engelskmannen har tidlegare arbeida i akademia til Leeds United og Bradford City i England og han har vore assistenttrenar i Sarpsborg og Viking, samt hovedtrenar i Viking.

Sportssjef Andre Nevstad er sjølvsagt svært nøgd med å ha fått på plass ein kompetent erstattar for Sander:

- Ian var på besøk med oss for nokre år tilbake, og vi har sidan då hatt god kontakt med han - også når han trente Sarpsborg og Viking. Ein flott fyr som har mykje erfaring og kompetanse, samt eit veldig engasjement for fotball og spelarutvikling. Seinast i mars besøkte han oss på treningsleiren vi hadde i Luton, så han er ikkje heilt ukjent med dagens tropp. Når Sander no blir ute ei periode på grunn av ein operasjon i hofta, var det naturleg for oss å spør Ian om han kunne tenke seg å bidra i denne perioden. I tillegg til å bidra inn mot A-laget saman med Sindre og resten av hans team, har han også lyst å engasjere seg på feltet inn mot andre lag i klubben når det er tid til det.

-Vi er sjølvsagt veldig glade for at Ian steppar inn som vikar i denne perioden og bidra med sin kompetanse og sitt engasjement, og vi ønskjer han hjerteleg velkomen til Høddvoll, avsluttar Nevstad.

Ian ser også fram til å kome til Hødd og Ulsteinvik:

- Gjennom mi tid i Noreg har eg fått eit godt forhold til mange i Hødd og eg gledar meg verkeleg til å kome til Ulsteinvik og hjelpe klubben denne korte perioden. Eg håper eg kan tilføre nokre nye idéar til Sindre og Sander sitt allereie svært gode arbeid. I tillegg håper eg at eg kan bidra på mange nivå i klubben, seier den sympatiske trenaren.

Vi i ser fram til eit positivt og godt samarbeid med Ian Burchnall.

Annonse: