Jens Husebø klar for Hødd

Har skrevet under for 2 år i Hødd-drakta

Det vart i dag klart at Jens Berland Husebø blir Hødd-spelar dei to neste sesongane. Den 19 år gamle midtstopparen kjem frå Viking FK, der han har vakse opp og spelt sidan han var 9 år. Jens var på besøk sist veke og deltok på trening i tillegg til at han spelte treningskampen mot Herd.    

Sportssjef Andrè Nevstad har følgande kommentar om signeringa:

"Jens er ein spennande midtstoppar som passa godt inn i gruppa med sine sterke haldningar og ambisjonar. Han er god med ball, har ein god pasningsfot og flink til å kommunisere med dei rundt seg. I tillegg er han aggresiv i stilen og har eit potensiale som vi ser fram til å utvikle dei komande åra"  

Jens ser fram til å flytte til Ulsteinvik og har fått eit veldig godt inntrykk av klubben:

"Eg er imponert over det som har møtt meg, og forsto tidleg at dette var ein klubb eg ønskte å kome til. Her er det mange gode unge svoltne spelarar som vil legge ned mykje hardt arbeid for å utvikle seg, og det er akkurat slik eg vil ha det. Ein kjekke gjeng som tok imot meg på ein veldig god måte og der eg følte meg inkludert frå første dag. Eg ser veldig fram til å få på meg Hødd-drakta og skal gi alt for at Hødd skal få ein god sesong  2019".  

Navn: Jens Berland Husebø

Født: 07.03.1999

Tidlegare klubb: Viking FK

Posisjon: Midtstoppar

Annonse: